Hopp til innhald

Fagstoff

Opphavsrett

Det er lett å kopiere frå Internett og andre digitale medium, men det er ikkje alltid lovleg. Kunnskap om opphavsrett er viktig for å unngå å bli lovbrytar ved eit uhell.
Aviser og nettbrett
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er opphavsrett?

Etter lov om opphavsrett til åndsverk kan vi definere opphavsretten slik:

«Den som skaper eit åndsverk, har opphavsrett til verket.»

Opphavsrett vil seie at ein har rettane til korleis eit åndsverk blir brukt. Men kva er åndsverk?

Eit åndsverk er alle former for kunst og litterært arbeid som er unike, for eksempel

  • bøker, artiklar, dikt og andre skrifter
  • foredrag og talar
  • skodespel, høyrespel og koreografert dans
  • musikk og songar
  • film og fotografi
  • måleri, teikningar, grafikk, plakatar og kart
  • skulpturar og bygningskunst
  • kunsthandverk og klesdesign
  • datamaskinprogram
  • omsetjingar og tilretteleggingar av det ovannemnde

Denne lista er ikkje uttømmande, men ho gir ein god peikepinn på kva som er typiske åndsverk.

Vilkåret for at det skal vere eit åndsverk, er at det er unikt. Det er det som ligg i at åndsverket er skapt.

Kva meiner vi så med at noko er skapt? Her kan vi bruke musikk som eksempel. Ein komponist som skriv ein song, har opphavsretten til songen. Dersom ein annan artist framfører songen eller spelar han inn, er det framleis komponisten som har opphavsrett til songen, men artisten har opphavsretten til si eiga framføring av songen.

Legg også merke til at opphavsrett ikkje er noko som må registrerast eller meldast frå om. Opphavsretten er der med det same åndsverket blir skapt.

Økonomiske og ideelle rettar

I praksis fører opphavsretten til at den som har skapt eit åndsverk, har økonomiske og ideelle rettar til åndsverket sitt.
Dei økonomiske rettane gir skaparen av åndsverket einerett til eksemplarframstilling (å lage kopiar av verket) og til å gjere verket offentleg tilgjengeleg.

Ideelle rettar deler vi i to: namneretten og respektretten. Namneretten gjer at opphavspersonen har krav på å bli namngitt på alle eksemplar av verket eller når verket blir vist eller framført. Respektretten vil seie at dersom andre bruker eller offentleggjer verket, må det ikke skje på ein måte som er krenkjande for opphavspersonen eller vørdnaden for verket.

Dei økonomiske rettane til eit åndsverk kan seljast vidare, men ikkje dei ideelle. Ein komponist kan for eksempel selje dei økonomiske rettane til ein song, men den nye «eigaren» må framleis respektere namneretten og ikkje bruke songen på ein måte som er krenkjande for komponisten.

Unntak og tidsavgrensing

Opphavsretten gjeld i utgangspunktet alle åndsverk, men vi har nokre få unntak. Ein del offentlege dokument som lover, forskrifter og rettsavgjerder er ikkje verna.

Dei økonomiske rettane har ei tidsavgrensing på 70 år etter at opphavspersonen er død, men rettane kan i somme høve forlengjast, for eksempel til fordel for etterkomarane. Dei ideelle rettane har inga tidsavgrensing. Vi plar likevel seie at når det er gått 70 år eller meir etter at opphavsmannen døydde, er verka hans «falne i det fri».

Kva fører opphavsretten til i praksis?

I praksis fører opphavsretten til at du ikkje har lov til å bruke eller kopiere åndsverka til andre utan at opphavspersonen eller den som eig dei økonomiske rettane, har gitt deg lov til det.

Det er for eksempel ikkje lov til å laste ned frå Internett (fildeling) musikk, filmar, tv-seriar, bøker, spel eller dataprogram som nokon har opphavsretten til, endå om det berre er til privat bruk. Slik nedlasting kallar vi ofte piratkopiering. Det er forbode fordi nedlastinga blir rekna som ei eksemplarframstilling. Opphavspersonen har som nemnt einerett på all eksemplarframstilling.

Du har heller ikkje lov til å laste opp verk som er opphavsrettsleg verna, fordi det blir rekna som offentleggjering av verket.
Om du derimot har kjøpt ein cd, har du lov til å overføre musikken til for eksempel din eigen mp3-spelar eller iPod så lenge det er snakk om privat bruk.

Sitatrett

Du har heller ikkje lov til å kopiere bilete eller tekst frå Internett og bruke det for eksempel på di eiga nettside eller i ein blogg.
Her finst det likevel eit unntak som vi kallar sitatretten. Denne retten gir deg lov til å sitere frå eit åndsverk så lenge du respekterer dei ideelle rettane og opplyser om namnet på forfattaren og verket du siterer frå. Det er ein av grunnane til at det er viktig med korrekte kjeldetilvisingar.

Du kan lese meir om det her: Kjeldetilvisingar (NDLA)

Men sitatretten har også avgrensingar. Lengda på sitatet må samsvare med lengda på teksten du siterer frå. Det er ikkje greitt å sitere det meste av ein tekst eller heile teksten.

Konsekvensar av å bryte opphavsretten

Det er straffbart å bryte opphavsretten, og det gjeld også ulovleg fildeling.

Brot på opphavsretten og ulovleg fildeling kan straffast med bøter eller fengsel i inntil tre månader. I ekstra alvorlege tilfelle kan ein få fengsel i inntil tre år. Også fildeling av vanvare kan vere straffbart.

I tillegg til straff frå rettsstellet kan opphavspersonen eller den som eig dei økonomiske rettane, krevje erstatning frå den som har brote opphavsretten.

Ved ulovleg fildeling er det også vanleg at datautstyret som er brukt, blir beslaglagt av politiet.

Som du ser, kan brot på opphavsretten og ulovleg fildeling ha svært alvorlege konsekvensar. Det er derfor lurt å setje seg inn i reglane.

Relatert innhald

Tilgang til informasjon som vi kan stole på, har vorte så viktig at kvalitetssikring av informasjon er eit eige fagområde. Kva er god informasjon?

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017

Læringsressursar

Informasjonsformidling