Fagartikkel
Hjelpemiddel
Både tavler, digitale presentasjonsverktøy, filmsnuttar og musikk kan vere gode hjelpemiddel i ein presentasjon.
Når du får brukt skrift, teikningar og bilete som støtte for det du seier, skaper du variasjon i framføringa. Lysbilete fungerer dessuten som ei utmerkt hjelp til å hugse.
- Både flipover, krittavle og digital tavle kan du bruke til å notere stikkord undervegs. Her kan du òg improvisere og ta opp innspel frå publikum.
- Pass på at du ikkje blir ståande og snakke med ryggen til publikum medan du skriv på tavla. Då blir det vanskeleg å høyre kva du seier.
- Skriv stikkord, elles kan det bli for lange pausar og tilhøyrarane kan miste konsentrasjonen.
- Lag eit manus før du begynner med lysbileta, og bygg opp lysbileta etter hovudpoenga i manuset.
- Bruk få ord på kvart lysbilete og bruk nøkkelord, ikkje heile setningar. Unntak er (korte) sitat.
- Bruk så få lysbilete som mogleg.
- Detaljinformasjon gir du munnleg.
- Skrifta skal vere tydeleg og stor nok, med god kontrast mellom skrift og bakgrunn. Bruk til dømes skriftstorleik 36 punkt, og fontar som Helvetica, Arial, Verdana eller Gill Sans MT.
- Finn bilete som illustrerer poenga dine. Hugs å oppgi kjelda du har henta bileta frå!
- Bruk enkel og gjennomført design. Unngå effektar og overgangar, dei berre forstyrrar.
- Unngå musikk medan du snakkar. Det kan gjere det vanskeleg for tilhøyrarane å konsentrere seg om det du seier. Men skal du vise ein rein biletserie, kan det passe godt med musikk til.
- Vis gjerne ein filmsnutt dersom han støttar godt opp om det du seier. Pass likevel på at snutten er kort. Det er du som skal ha hovudrolla i presentasjonen!
Visste du...
at hjelpemidla som du nettopp har lese om, blir kalla audiovisuelle hjelpemiddel? Ordet audiovisuell er sett saman av "audio" (latin for "eg høyrer") og "visuell" ( latin "som har med synet å gjere"). Audiovisuelle hjelpemiddel forsterkar bodskapen din ved hjelp av lyd og bilete.