Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er mobbing?

Mobbing, trakassering og diskriminering som går føre seg på arbeidsplassen eller skulen, kan gi store helseproblem. Kva kan gjerast for å hindre slik framferd?
Bildet viser ei jente som står for seg selv og er trist
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Mobbing

  1. Kva legg de i omgrepet mobbing?
  2. Kjenner de til at det skjer / har skjedd mobbing på skulen?
  3. I tilfelle ja: Kva har du og andre på skulen gjort for å stanse mobbinga?
  4. I tilfelle nei: Kva har skulen gjort for å hindre mobbing?
  5. Kva er skilnaden på erting og mobbing?

Oppgåve 2

Diskriminering og rasisme

Ta utgangspunkt i definisjonane av diskriminering og rasisme.

  • Gi eksempel frå nærmiljøet ditt på krenkjande framferd.
  • Drøft og gi eksempel på korleis vi kan/bør reagere på slik åtferd.

Relatert innhald

Mobbing, trakassering og diskriminering på arbeidsplassen eller skulen kan gi store helseproblem. Her får du ei innføring i kva vi meiner med omgrepa.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2020

Læringsressursar

HMS for elever