Hopp til innhald
Oppgåve

Refleksjonsoppgåve om arbeidsmiljøet på skulen

Som elev i vidaregåande skule har du kanskje vore med i Elevundersøkinga? På mange måtar seier Elevundersøkinga oss noko om arbeidsmiljøet til deg som elev, noko om skulen som organisasjon, og om kva for organisatoriske tendensar som påverkar skulen som arbeidsplass.

Eitt av funna frå Elevundersøkinga er at 63 prosent er litt eller heilt einig i at det er god arbeidsro i timane.[1]

Diskuter i klassen eller med ein medelev:

  • Kva gjer at det er arbeidsro i timane eller ikkje? Forsøk å peike på fysiske faktorar. som lokaler, utforming og møblering av klasserom og inneklima, og psykososiale faktorar som er knytt til trivsel, helse, arbeidsmengd og organisering av undervisninga. Med andre ord: korleis du tenkjer arbeidsmiljøet og trekk ved skulen som organisasjon kan påverke arbeidsro i timane.
CC BY-SA 4.0Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2024