Kva meiner vi med eit godt arbeidsmiljø? Her skal du reflektere over skulen som arbeids- og læringsmiljø.
Skulen vår – ein god stad for læring?
«Den einaste gongen utdanninga mi vart avbroten, var då eg gjekk på skulen.» Det var spøkjefuglen og nobelprisvinnaren George Bernhard Shaw som sa dette.
Vi tenkjer på skulegang og studiar når vi høyrer ordet læring. Shaw tenkte kanskje at læring er meir enn teori?
Læringa kan vere både bokleg og praktisk. Mange tek yrkesfag fordi dei heller vil gjere noko enn å lese. Dei synest praksis er viktigare enn teori.
I dag er det brei forståing for at læring er ein prosess som påverkar veremåten, haldningane og verdiane våre. Læring skjer i samspel med andre – på skulen, heime, i fritida og i arbeidslivet.
Tenk over
Skulen og lærarane skal leggje til rette for læringa di, men det er du som skal lære. Det gir deg eit særleg ansvar for å gjere ditt beste for å lære og for å skape eit godt læringsmiljø på skulen og i klassen din.
Det gode læringsmiljøet
Alle elevar har rett til eit godt og inkluderande læringsmiljø. Utdanningsdirektoratet framhevar fem faktorar som er grunnleggjande for at elevane skal oppleve eit godt læringsmiljø:
Læraren som leiar
Relasjon mellom lærar og elev
Relasjon mellom elevane
Samarbeid mellom skule og heim
Skuleleiing og organisasjon
1. Evna læraren har til å styre klassar og undervisning
Læraren
har ein tydeleg struktur i undervisningsgangen
formulerer tydelege mål for elevlæringa og læringsmiljøet
har høge forventningar til alle elevane, tilpassa dei føresetnadene dei har
gir tydelege og konstruktive tilbakemeldingar til elevane, både fagleg og sosialt
bruker tilbakemeldingar frå elevane til å justere opplæringa
skaper eit inkluderande miljø og ein læringsfellesskap blant elevane
utarbeider reglar i samarbeid med elevane og handhevar reglane konsekvent
skaper interesse for og gjer elevane ansvarlege for eige læringsarbeid
involverer elevane og gir dei høve til å medverke
2. Positive relasjonar med kvar av elevane
Læraren har evne til å gå inn i ein positiv og støttande relasjon med kvar av elevane.
Eleven opplever det trygt og tillitsfullt at læraren ser han. Læraren har tru på at elevane kan lære og nå måla for opplæringa.
Læraren skaper engasjement og motivasjon for læring og hjelper til med å utvikle god sjølvkjensle hos alle elevane.
Lærar og elev har same forståinga for dei krava vi set til å skape eit godt læringsmiljø, mellom anna kva slags sosial kompetanse som er viktig og blir verdsett.
3. Positive relasjonar og kultur for læring hos elevane
har ein kultur for læring og ein læringsfellesskap, dei har ei positiv haldning til å vere aktive og interesserte, og det eksisterer ikkje negativt gruppepress mot å gjere sitt beste på skulen
aksepterer ulikskapar og at det er greitt å vere flink og ha utfordringar – både fagleg og sosialt
samarbeider og har felles opplevingar
opplever tryggleik og tillit og kjenner seg inkluderte
forstår kva krav vi set til eit godt læringsmiljø, mellom anna kva slags sosial kompetanse som er viktig og blir verdsett
opplever nulltoleranse for krenkjande ord og handlingar
4. Godt samarbeid mellom skulen og heimen
Foreldra og lærarane formidlar dei same positive forventningane til eleven, tilpassa føresetnadene til eleven.
Heim og skule snakkar same språket. Foreldra må få ei innføring i skulespråket, slik at eleven ikkje lever med to ulike omgrepssystem.
Forventningane som læraren, foreldra og eleven har til kvarandre er tydeleg uttrykte og oppfatta av alle partar.
Foreldra har reell medverknad.
5. God styring, organisasjon og kultur for læring på skulen
Leiinga kommuniserer tydelege mål og forventningar til alle dei tilsette.
Leinnga gjer stadige vurderingar og gir tydelege tilbakemeldingar til dei tilsette.
Det er eit positivt samarbeidsklima og gode relasjonar mellom dei tilsette og mellom dei tilsette og leiinga.
Skulen har eit eintydig ordensreglement med kjende konsekvensar som blir følgde opp i praksis.