Mobbing og trakassering
Mobbing blir brukt om situasjonar der ein person over lengre tid blir utsett for negative handlingar frå andre personar i nærmiljøet, og der den som blir ramma, har vanskeleg med å forsvare seg mot handlingane.
Ueinigheit og konfliktar mellom personar kan vere mobbing, eller dei kan utvikle seg til det. Ofte startar mobbinga i det små og utviklar seg litt etter litt.
Arbeidsmiljølova bruker ikkje omgrepet mobbing direkte, men det blir dekt av omgrepet trakassering.
Forskrifta i arbeidsmiljølova handlar om meir enn mobbing. Mobbing, vald, rasisme og diskriminering er berre døme på "krenkende ord eller handlinger". Lova gjeld òg andre former for krenkande ord eller handlingar, til dømes negative, enkeltståande utsegner om utsjånad, klede, tru, dialekt og så vidare.
Mobbing
Ein person blir mobba når hen gong på gong og over tid blir utsett for negative handlingar frå éin eller fleire personar.
Diskriminering
Diskriminering vil seie at ein person blir dårlegare behandla eller trakassert, for eksempel på grunn av kjønn, funksjonshemming, trusvedkjenning, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav. Diskrimineringa kan vere både direkte og indirekte.
Rasisme
Rasisme omfattar diskriminering på grunn av hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav.
Undersøkingar viser at mobbing kan gå føre seg i fleire år utan at nokon gjer noko med det. Utsiktene for mobbeofferet er ikkje gode dersom ingen grip inn i tide for å stanse trakasseringa.
Ein har spurt mange mobbeoffer om kva hjelp dei fekk då dei tok kontakt med kollegaer, leiarar eller tillitsvalde. Dei fleste av dei opplevde at det var lite hjelp å få. Somme peikar spesielt på at leiinga ikkje gjorde nokon ting.
Personar som opplever å bli utsette for mobbing, vald, rasisme eller ulike former for diskriminering, skal kunne lite på at skulen eller arbeidsplassen tek problema deira på alvor.
Både skulen og arbeidsgivaren skal, eventuelt i samarbeid med andre styringsorgan, setje i verk nødvendige tiltak for å stanse slik mobbing og diskriminering.
Opplæringslova § 12–2:
"Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring."
Relatert innhald
Mobbing, trakassering og diskriminering som går føre seg på arbeidsplassen eller skulen, kan gi helseproblem. Kva kan gjerast for å hindre slik framferd?