Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Elevenes arbeidsmiljølov

Alle elevane i vidaregåande skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmar helse, trivsel og læring. I denne oppgåva skal du sjå din eigen skule i høve til krava i opplæringslova, og bli klar over kva som kan gjerast for å betre skulemiljøet.

Oppgåve 1: Skulemiljøet

Drøft og gi eksempel på korleis elevane er engasjerte i planlegging og gjennomføring av eit systematisk arbeid for helse, miljø og tryggleik ved skulen din.

Oppgåve 2: Det fysiske skulemiljøet

Ta utgangspunkt i opplæringslova kapittel 9a og drøft:

Korleis vurderer du det fysiske miljøet ved skulen?
Kva er bra? Kva kan forbetrast?

Les om arbeidsmiljølova til elevane, lovdata.no

Oppgåve 3: Psykososialt miljø

Drøft og gi eksempel på kva som kan gjerast for å skape eit positivt psykososialt miljø på skulen.

Oppgåve 4: Internkontroll

Kva veit de om det systematiske miljøarbeidet ved skulen?
Gi eksempel på moglege forbetringar.

Relatert innhald

Alle elevane i vidaregåande skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmar helse, trivsel og læring. Kva veit du om dette temaet?

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2017

Læringsressursar

HMS for elever