Hopp til innhald

Fagstoff

Aromatisert sterkvin

Dei aromatiserte sterkvinane har ofte bakgrunn langt tilbake i tid då ein trudde at alkohol var helsedrikk. Det blei laga uttrekk frå planter og urter som ein meinte hadde medisinsk verknad. Dei forskjellige produsentane har sine eigne verna oppskrifter, og dei utgjer smaksnyansar.

Vermut

Den viktigaste ingrediensen er malurt, som på fransk er vermouth og på tysk Wermut. Dette er ei gammal medisinsk urt som gir ein bitter smak.

Fransk vermut er stort sett kvit og tørr. Utgangspunktet for fransk vermut er kvitvin som ein tilset litt sterkvin før han blir lagd på fat som blir lagra ute i opptil 5 år. Då oppnår han ein såkalla madeirisering. Så blir han sprita opp til ca. 18 prosent og tilsett forskjellige krydder- og urteuttrekk. Han får så eit kort lageropphald før han blir tappa på flasker. Han er tørrare enn den italienske, og nokre bartenderar nyttar gjerne denne til dry martini i staden for Martini dry som er den originale.

Italiensk vermut finst både som raud og kvit i fleire søtleiksgradar. Utgangspunktet for den italienske er òg kvitvin. Ein tilset druesprit og urte- og krydderuttrekk i vinen, og dei som skal vere søte, blir sukra. Eit unntak er rosévarianten som har rosévin som basis. Den italienske har ikkje eitt slikt langt lageropphald som den franske, men fleire. Vinane blir farga med sukkerkulør. Dei blir pasteuriserte og kaldstabiliserte før dei blir tappa. Av italiensk vermut finst desse typane:

  • Extra dry: tørr og kvit
  • Rosso: raud, søt og med ganske kraftig smak
  • Bianco: kvit og søt, men rundare og mindre søt enn den raude
  • Rosé: søtleg og noko mindre aromatisk enn dei andre

Dei mest kjende italienske merka er Martini og Cinzano, men det finst mange andre. I utgangspunktet har vermut ein alkoholstyrke på 18–20 prosent, men før han blir seld her i landet, blir styrken sett ned til 15–18 prosent.

Aperitiff

Ein aperitiff er ein alkoholholdig drikk som ein nyt føre eit måltid, ofte saman med kjeks, oliven eller liknande. Omgrepet blir nytta både generelt om kvar og ein drikk som fortrinnsvis nytast på denne måten, og spesifikt om ei gruppe sterkvinar som er laga av uferdig vin tilsett brennevin og aromatiske stoff. Namnet kjem frå latin aperire, som betyr "å opne", ettersom drinken opnar måltidet. Vi tek føre oss nokre av vinane her.

Glas og flaske med Cinzano Bitter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under aperitiffane finn vi mange forskjellige merkevinar som har det til felles at ein viktig ingrediens er kinin, som kjem frå borken på kinatreet. Kinin blir òg nytta i medisinsk samanheng og blei før nytta som febernedsetjande stoff mot malaria. Det er òg kinin som gir den bitre smaken i bitter lemon og grape soda. Dei mest kjende av aperitiffane er desse:

  • Dubonnet: fransk, raud og søt
  • St. Raphael: fransk, både raud og kvit, men begge ganske søte
  • Lillet: fransk, kvit med ein ganske karakteristisk kininsmak

Italienske Campari blir òg gjerne teken med under aperitiffane, sjølv om det eigentleg ikkje er ein vin. Han er laga på basis av sprit og vatn og blir tilsett kinin, smaksstoff, sukker og farge. Eit liknande produkt er Cinzano Bitter.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Sterkvin