Hopp til innhald

Fagstoff

Dessertkremar

Dei mjuke, smakfulle dessertkremane er aller best nylaga, og dei kan pyntast og gjerast i stand med bær, saus, nøtter, kjeks eller småkaker.
Moltekrem på ein kvit tallerken, pynta med heile molter, moltecoulis og hakka pistasjnøtter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bærkrem

Bærkremar er svært enkle å lage og består av fløyte, bær og sukker. Den mest kjende er kanskje moltekremen som ofte blir servert som dessert i jula, men vi kan òg lage bærkremar med andre typar bær.

Framgangsmåte

  • Pisk kremfløyte til lett krem.
  • Bland sukra bær i kremen.
  • Pynt kremen med friske bær.

Trollkrem

Trollkrem er ein tradisjonsrik dessert som består av tyttebær, eggekvitar og sukker. Originalt vart han laga med tyttebær, men han kan òg lagast med andre bær.

Framgangsmåte

  • Pisk tyttebær, sukker og eggekvite i kjøkkenmaskin til det har danna seg eit rosa, fast skum.
  • Server som han er, eller med litt vaniljesaus ved sida.

Video

I denne videoen viser kokkane steg for steg korleis du lagar moltekrem og trollkrem.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2020

Læringsressursar

Kalde dessertar