Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dramaturgi i realityseriar

Del klassen inn i grupper på to elevar. Kvar gruppe vel ein episode frå ein realityserie og lagar eit notat der dei gjer greie for måten episoden er bygd opp på (dramaturgien).
Ungdommer jobbar saman rundt eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeoppgåve

Beskriv dramaturgien både med ord og i form av ei grafisk framstilling (dramaturgimodell).

To og to grupper går så saman og samanliknar dramaturgien i dei to seriane gruppene har valt. Finn likskapar og forskjellar. Diskuter: Skjer ting ”av seg sjølv” (deltakarstyrt), eller er det teikn som tyder på at det som skjer er iscenesett eller styrt av produsenten?

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2019

Læringsressursar

Historieforteljing og dramaturgi