Hopp til innhald

Fagstoff

Episodisk dramaturgimodell

Episoden blir gjerne avslutta når spenninga er på topp. Den episodiske dramatugimodellen handlar om å få sjåarane med seg, episode etter episode.

Ein episodisk dramaturgimodell har som mål å gjere deg hekta. Du må sjå meir!

Tenk over

Kva seriar kjenner du til som avsluttar episodane med ein spenningstopp?

Spenningskurva i ein episodisk dramaturgi byggjer seg gjerne opp før ho blir avslutta på topp. Slik får dei som skaper innhaldet med seg sjåarane til neste program.

Dette er eit velkjent dramaturgisk grep som TV-produsentar har brukt i fleire tiår. Tidlegare måtte vi kanskje vente ei heil veke før neste episode vart sendt på TV. I dag kan vi stort sett velje å sjå fleire episodar i slengen. Då er det lurt å avslutte episoden med ein cliffhanger, ein spenningstopp, slik at vi vel å halde fram med å sjå på.

Skodespelarane i såpeoperaen Dynastiet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blir brukt i underhaldning

Den episodiske forteljemåten er vanleg i TV-seriar, men vi finn han òg i andre medieproduksjonar. I underhaldningsprogram på TV kan vi kjenne igjen element frå den episodiske dramaturgimodellen.

Tenk på kor ofte du har høyrt programleiaren i eit underhaldningsprogram kutte sendinga med å seie: "Etter pausen får du vite om deltakarane er vidare!" eller "Følg med neste gong for å sjå kven som måtte heim!"

Denne dramaturgien er effektiv for å skape spenning og halde på interessa til sjåarane, òg i eit TV-program.

Marius Samuelsen med gulldryss i Idol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyttig i ein podkast

Episodisk dramaturgi blir òg brukt i andre sjangrar. I den populære amerikanske podkasten Serial blir lyttarane med tilbake i tid for å undersøkje ein drapssak frå 90-talet. Dei ulike episodane i podkasten blir avslutta med ein spenningstopp, slik vi er kjende med frå TV. Lyttarane må høyre neste episode for å få med seg kva som skjer vidare.

Å gjere

  • Vel deg ein serie.
  • Sjå to eller tre episodar.
  • Teikn den dramaturgiske spenningskurva for den enkelte episoden.
  • Forklar spenningskurva du har teikna for andre.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2019

Læringsressursar

Historieforteljing og dramaturgi