Oppgåve
Vurder dramaturgien i kortfilmen Oslo Traffic
Ein kortfilm tek gjerne i bruk dramaturgiske element frå Hollywood-modellen for å skape spenning. Korleis er dramaturgien i kortfilmar som Oslo Traffic?
Hollywood-modellen er ei godt kjend dramaturgisk oppskrift for å byggje forteljingar som skaper spenning og engasjement. Å kjenne fasane i Hollywood-modellen vil hjelpe deg å produsere godt innhald. Det kan òg vere eit nyttig verktøy for å forstå og analysere film. Vi skal no sjå nærmare på dramaturgien i kortfilmen Oslo Traffic (2016).
- Sjå klippet med ein del av anslaget (lengde: 3 minutt).
- Vurder om anslaget klarer å vekkje interesse og skape spenning. Kva inntrykk får du av dei to kvinnene? Diskuter i klassen.
- Finn fram ei grafisk teikning av Hollywood-modellen. Du kan gjerne bruke og laste ned illustrasjonen på denne sida.
- Sjå heile kortfilmen. Forsøk å finne dei ulike dramaturgiske overgangane. Ta gjerne notat undervegs, eller skriv rett på illustrasjonen av Hollywood-modellen.
- Bruk litt tid på å sjå gjennom notata dine.
- Samanlikn funna dine med ein medelev. Diskuter følgjande spørsmål: Er det ei spesiell hending som markerer overgangen frå presentasjonen til opptrappinga? Finn de eksempel på vendepunkt i forteljinga? Kva er klimakset i filmen?
- Korleis likte de slutten? Kva synest de om handlingane til den gravide kvinna? Korleis trur de det går vidare med den utanlandske kvinna?
- Vurder til slutt om de synest kortfilmen byggjer på Hollywood-modellen, og diskuter gjerne analysen med resten av klassen.
- Vel ein ny kortfilm frå NDLA film i samråd med læraren din og klassen. Sjå filmen saman.
- Bruk det du har lært om dramaturgi. Forsøk å finne dei ulike dramaturgiske overgangane.
- Diskuter dramaturgien i klassen. Blir de einige?
Filer
- Hollywood-modellen(PDF)