Hopp til innhald

Fagstoff

APUS-modellen: Analyse og produksjon

APUS-modellen er ein enkel og effektiv dramaturgimodell og blir derfor brukt av mange ulike medieprodusentar.
APUS-modellen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

APUS-modellen er godt kjend for dei som lagar nyheiter eller aktualitetsstoff. Han er òg relevant for dei som vil fortelje andre typar historier. Modellen kan minne litt om Hollywood-modellen, men dramaturgien er enklare og meir fortetta. Derfor er han ein effektiv dramaturgisk modell for dei som produserer innhald, og for mottakarane. Publikum skal raskt bli engasjerte og forstå kva saka dreier seg om, slik at dei ikkje mistar interessa.

APUS står for anslag, presentasjon, utdjuping og slutt.

A = Anslag
P = Presentasjon
U = Utdjuping
S = Slutt

Anslaget

Anslaget skal gjere tilhøyrarane nysgjerrige og skape interesse. Anslaget kan bestå av musikk, ei spennande utsegn frå eit intervjuobjekt eller ein effektlyd. I radio kan det vere effektivt å bruke miljølydar i anslaget for å vekkje interesse og vise lyttarane kva saka dreier seg om.

Presentasjonen

Presentasjonen gir eit innblikk i kva saka dreier seg om. Her er det viktig å vere presis og unngå for mykje informasjon. Hald deg til hovudbodskapen slik at dei som ser eller lyttar ikkje mistar interessa.

Utdjuping

Utdjupinga skal gi svar på eventuelle spørsmål som er stilte i presentasjonen, og ho skal innehalde fleire opplysingar om saka. Her kan du gå meir i djupna og stille spørsmål om kvifor og korleis.

Slutten

Slutten kan variere litt etter kva saka dreier seg om. Han kan til dømes konkludere, gi eit raskt samandrag eller runde av saka med eit siste slåande sitat. Etter slutten er det vanleg at programleiaren avsluttar innslaget med ein utroduksjon (utru på fagsjargongen), der namnet på den som har laga saka, blir nemnd. Utroduksjonen tilsvarer byline i ei avis.

To programleiarar i nyheitsstudioet til NRK. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mykje brukt dramaturgimodell

Det er ikkje berre aktualitets- og hendingsstoff som tek i bruk APUS-modellen. I reklamefilmen "Hockey-Helge" frå mobilselskapet Talkmore kan du sjå korleis hovudbodskapen kjem tydeleg fram gjennom effektiv APUS-dramaturgi.

Reklamefilm på YouTube: Hockey-Helge

Øving: Finn aktuelle APUS-eksempel

  • Finn aktuelle nyheitsinnslag eller haldningsskapande reklamefilmar på nett.
  • Finn du eksempel på at APUS-modellen er brukt?
  • Forsøk å identifisere dei ulike fasane: anslag, presentasjon, utdjuping og slutt.
  • Til slutt kan klassen vise kvarandre nokre av eksempla de fann og diskutere dramaturgien.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2020

Læringsressursar

Historieforteljing og dramaturgi