Hopp til innhald

Fagstoff

Fotosyntese

Fotosyntesen er ein biokjemisk prosess kor lysenergi blir omdanna til kjemisk energi. Ordet kjem av dei greske orda photos, som betyr lys, og synthesis, som betyr å setje saman. Karbondioksid og vatn blir ved hjelp av lysenergi omdanna til sukker og oksygen.
Sola lyser på plante med rotter i jorda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå lysenergi til kjemisk energi

Mikroskopbilde av løvceller med mange kloroplaster langs celleveggen. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I fotosyntesen blir karbondioksid (CO2) og vatn (H2O) omdanna til glukose (druesukker) (C6H12O6) og oksygen (O2) ved hjelp av energi frå sollys.

Fotosyntesen blir vanlegvis forbunde med grøne plantar og algar, men enkelte bakteriar kan og utføre fotosyntese. Sidan energien til å drive fotosyntesen kjem frå sola kan ein seie at:
All energi som er lagra i plantar kjem frå sola, og er dermed fornybar energi.

Vi er avhengige av energi og oksygen frå plantene

Modell av kloroplast med stabler av grana. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fotosyntesen finn sted inne i planteceller i spesielle organellar som kallast kloroplastar. Det er desse organellane som gir grønfarge i plantematerialet. Organismar som kan lage sine eigne energirike forbindingar kallast autotrofe organismar.

Dyr, menneske, sopp og andre organismar som ikkje driv fotosyntese, er avhengige av dei energirike forbindingane som plantane lagar i fotosyntesen. Sjølv om vi berre et kjøtt, har energien vi får frå kjøttet komme frå plantar. Organismar som er avhengige av å få energi frå andre kallast heterotrofe organismar.

Relatert innhald

Celleandinga er kjemiske reaksjonar som skjer i cellene, og som frigjer energi frå næringsstoffa. Forbrenning er eit anna ord for celleanding.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Åge Guddingsmo.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2021

Læringsressursar

Karbon