Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Kampen om tungtvannet

Tverrfagleg oppgåve i historie og mediefag til TV-serien Kampen om tungtvannet. Du kan velje ei eller fleire av oppgåvene.

TV-serien Kampen om tungtvannet (2015) og spelefilmane Kampen om tungtvannet (1948) og Helter i Telemark (1965) byggjer alle på hendingar som faktisk fann stad under andre verdskrigen.

Sabotasjen mot tungtvannsfabrikken på Vemork ved Rjukan fant sted natt til 28 februar 1943. Produksjonen av tungtvann var av stor betydning for de tyske forsøk på å framstille atomvåpen. Her et bilde av fabrikken etter sabotasjen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Studer nettsida til Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan og søk på nettet etter informasjon om tungtvatn.

  1. Kva er tungtvatn, og kvifor blei dette produsert på Rjukan?
  2. Kvifor var tilgangen til tungtvatn så viktig, både for tyskarane og for dei allierte?
  3. Det blei i alt utført fire militære operasjonar for å stoppe produksjonen av tungtvatn på Rjukan. Kven deltok i desse operasjonane, og kva blei utfallet?
Den tyske kvantefysikaren Werner Heisenberg fekk Nobelprisen i fysikk i 1932. Her føreles han for studentar i 1936.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2

I innleiingsscena til episode 1 i TV-serien Kampen om tungtvannet møter vi professor og motstandsmann Leif Tronstad som føreles i kjemi ved det som den gongen heitte Norges tekniske høgskole i Trondheim.

  1. Kva for eksistensielt spørsmål er det professoren stiller til seg sjølv og studentane sine?
  2. Kva ville du ha gjort i denne situasjonen dersom det var du som måtte velje?
  3. Ein annan hovudperson i TV-serien er den tyske vitskapsmannen Werner Heisenberg som leidde det tyske uranprosjektet. Korleis vel han å svare på det dilemmaet han blir stilt overfor, når han får tilbod om å leie dette prosjektet?
  4. Diskuter i klassen: Er ein vitskapsmann ansvarleg for korleis dei funna han gjer, blir brukte av dei som har makta i eit samfunn?
Richard Harris og Kirk Douglas i filmen The Heroes of Telemark (1965)
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3

Samanlikn TV-serien Kampen om tungtvannet med spelefilmen Kampen om tungtvannet frå 1948, i regi av Titus Vibe Müller og franske Jean Dreville, og Hollywood-filmen Helter i Telemark (Heroes of Telemark) frå 1965, med Kirk Douglas og Richard Harris i hovudrollene.

  1. Spelefilmen frå 1948 gir seg ut for å vere autentisk. Korleis kjem dette til uttrykk i innleiinga?
  2. Kva har skjedd med måten fienden (tyskarane) blir framstilte på i løpet av dei nesten 70 åra som er gått sidan den første filmen blei laga, og kvifor trur du framstillinga av fienden har endra seg?
  3. Dei som deltok i aksjonane i Rjukan, har i ettertid blitt omtalte som norske krigsheltar. Kva for eigenskapar tillegg filmen Helter i Telemark desse personane?
  4. Framstiller den nye TV-serien desse personane på same måte? Kva er likt? Kva er forskjellig?
  5. Les minst tre meldingar av TV-serien Kampen om tungtvannet. Kva for filmatiske sider ved TV-serien er det kritikarane meiner er spesielt vellykka?

Relatert innhald

Fakta handlar om noko som faktisk finst eller har skjedd. Fiksjon er nokon som er dikta opp.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2018

Læringsressursar

Læringsstiar