Hopp til innhald

Fagstoff

1960–1980: Modernisme og sosialt engasjert film

I denne perioden blei det laga populære komediar som Støv på hjernen, og modernismen gjorde inntog i norsk film. Norsk kino- og filmfond blei oppretta.
Tre kvinner står og snakker sammen i en vaskekjeller. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Film som kunst og kultur

I 1964 gjorde norske filmfolk opprør mot leiinga av Norsk Film A/S gjennom aksjonsgruppa si «de 44». Dei fekk gjennomslag for ei rekkje endringar, men først og fremst for synet om at film var kunst og kultur, ikkje berre underhaldning for det store publikummet. Dei fekk også tilsett sin eigen kandidat, Erik Borge, som kunstnarisk leiar av selskapet.

Samtidskomediar og modernisme

Samtida kom til å prege underhaldningsfilmen i sterk grad gjennom ulike komediar med titlar som Støv på hjernen (1959), Sønner av Norge (1961) og Operasjon Løvsprett (1962). Bustadbygging, hyttedraumar, privatbilisme og militærkomediar var tema frå det gjenreiste framtidsoptimistiske Noreg. 1956 representerer besøkstoppen med 36 millionar besøk på kino: ti årlege besøk per norske hovud!

Modernismen kom inn i norsk film gjennom regissørane Rolv Clemens, Lasse Henriksen, Arild Kristo, Erik Løchen og Pål Løkkeberg. Co-produksjonen Sult (1966), i regi av Henning Carlsen etter Knut Hamsun sin roman, er ein sentral film frå denne tida.

Okkupasjonsdrama

På 1950- og 1960-talet og i seinare tiår blei det laga mange okkupasjonsdrama. Englandsfarere frå 1946 i Toralf Sandø sin regi, Arne Skouen sine filmar (den Oscar-nominerte Ni Liv og Kalde spor) er nokre av dei. I tillegg kom Arnljot Berg, Eldar Einarson og Bente Erichsen sin meir utfyllande og problematiserande krigsskildringar Bobbys krig (1974), Faneflukt (1975) og Over grensen (1987). I nyare okkupasjonsdrama som Joachim Rønning og Espen Sandberg sin Max Manus (2008) og Petter Næss sin Into the White (2012) er vi tilbake i dei store helte-eposa frå krigsdagane.

Ny filmpolitikk

På 1970-talet kom ein ny filmpolitisk giv, både i staten og blant kommunane. Norsk kino- og filmfond blei etablert etter at staten gav avkall på luksusavgifta og vedtok momsfritak for kinofilm. Og med det blei ei rekkje nye filmpolitiske tiltak etablert, men av kommunane og ikkje av staten. Norsk filminstitutt hadde fått den meir beskjedne oppgåva som statens filmarkiv.

Skulekino, kultur- og kinosjefopplæring, konsulenthjelp i samband med bygging av nye kinoar, kunnskap om film gjennom faktablad og presseteneste, og ikkje minst den norske filmfestivalen, blei oppretta innanfor fondet. Den norske filmfestivalen var først ambulerande mellom ulike kommunar, men blei endeleg fast etablert i Haugesund frå 1987. Eit statleg filmråd blei oppretta, og med det kom tiltak som manuskriptutvikling, etterutdanning og ei repertoarfri ramme for langfilmproduksjonen i Norsk film A/S. Selskapet fekk også ei studieavdeling som skulle vidareutdanne filmfolk i kunstnariske disiplinar.

1970-talet blei også det første tiåret der fleire norske filmfolk kom heim med utdanning frå utanlandske filmskular. Pål Bang-Hansen kom frå Centro Sperimentale i Roma, Pål Løkkeberg og Anja Breien frå IDHEC i Paris, og Håkon Sandøy studerte ved filmskulen PWSFT i Lodz i Polen.

Det politiske og samfunnsengasjerte tiåret

1970-talet var det politiske og samfunnsengasjerte tiåret i filmen. Anja Breien og Vibeke Løkkeberg markerte ein ny, feministisk norsk film, med Breien sin Hustruer (1975) og Arven (1978), som deltok i hovudkonkurransen i Cannes. Løkkeberg sine Løperjenten (1981) og Hud (1986) er også sentrale filmar. Desse filmane nådde også ut til fleire utanlandske festivalar. Dei fekk følgje av dei mannlege kollegaene Oddvar Bull Tuhus, Per Blom, Ola Solum og Lasse Glomm.

Framleis blei kjende forfattarar filmatiserte, men no heitte dei Knut Faldbakken, Sigbjørn Hølmebakk, Espen Haavardsholm, Tarjei Vesaas og Bjørg Vik. Det er likevel liten tvil om at originalmanuskript blei sett i høgsetet i dette tiåret.

Oddvar Bull Tuhus var kanskje den mest sosialt engasjerte av desse nye regissørane, med Streik (1974) om industriarbeidarstreiken i Sauda nokre år tidlegare som hans kanskje mest kjende verk. Han stod også bak ein interessant og suksessrik ungdomsfilmtrilogi i byrjinga av 1980-talet: 1958 (1980), 50/50 (1982) og Hockey feber (1983). Per Blom laga to glimrande kvinneportrett med Mors Hus (1974) og Kvinnene (1979). Solum blei barne- og ungdomsfilmregissøren med Reisen til julestjernen (1976) og Operasjon Cobra (1978). Lasse Glomm blei lagt merke til med filmane At dere tør (1980) og Svarte fugler (1983).

Publikumssuksessar

Den store publikumssuksessen var i alle høve Flåklypa Grand Prix, Ivo Caprino sin legendariske dukkefilm. Den er per i dag sett av over 5 millionar nordmenn og dubba til tolv forskjellige språkversjonar.

Også Bør Børson-filmatiseringane som Norsk film A/S henta frå Det norske teateret sine musikal-tradisjonar, og gjorde levande på nytt, var sikre suksessar på 1970-talet. Dette var populære komediar, som skapte gode kinoinntekter og nødvendig omdøme for norsk filmkultur. Fellestrekket var folkeleg underhaldning med kjende figurar og skodespelarar i populære omarbeidingar.

Teamfilm A/S stod i ei særstilling med si rekkje av Olsenbanden-filmar etter dansk mønster. Regissørane Knut Andersen og Knut Bohwim og fotografen Mattis Mathiesen leidde selskapet. Samstundes produserte dei også seriøs kvalitetsfilm, som okkupasjonsdramaa Brent jord (1969) i regi av Andersen og Under en steinhimmel (1967) i regi av Bohwim.

Samarbeid og private investorer

Egil Monn Iversen og Pål Bang-Hansen var eit vellukka samarbeid mellom produsent og regissør, som resulterte i politiske satirar, komediar og kriminalfilmar som Douglas (1970) og Norske byggeklosser (1972). Begge hadde Rolv Wesenlund i leiande roller. Den siste filmen deira Kronprinsen (1979), basert på Bjørn Gunnar Olsen sin idé og der stjerneskodespelar Bjørn Sundquist debuterte, gjekk rett inn i den politiske kvardagen i etterkrigstida på Youngstorvet. Eit anna filmpar, Petter Vennerød og Svend Wam, prega perioden med mange burleske samfunnssatirar og komediar, så som Lasse og Geir (1976), Svartere enn natten (1979) og Bryllupsfesten (1988).

Større internasjonal påverknad, marknadstenking og privat investering i filmproduksjon finn vi frå midten av 1980-talet, med Orions Belte (1985) i regi av Ola Solum og Veiviseren (1987) i regi av Nils Gaup.

CC BY-NC-NDSkrive av Jan Erik Holst og Norsk filminstitutt. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Læringsstiar