Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit filmmanus

Gjer det same som filmskaparane har gjort i filmen Skylappjenta. Bruk eventyret om Dei tre bukkane Bruse til å lage eit filmmanus til ein kortfilm om fråfall i skulen.
Tre bukker på et fjell. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Før du byrjar å jobbe med manuset, er det lurt å planleggje korleis du vil løyse oppgåva:

  • Korleis kan det aktuelle samfunnsdilemmaet «fråfall i skulen» bli løfta fram gjennom ei nytolking av Dei tre bukkane Bruse?
  • Kva delar av eventyret vil du halde på? Vil du leggje noko til, trekkje noko frå?
  • Kven er bukkane?
  • Kven er trollet?
  • Korleis skal den nye historia ende slik at ho kjem med framlegg om ei løysing for fråfall i skulen?

Tips:

Snakk gjerne med ungdom du kjenner, som er lei av skulen, og som du veit har vurdert å slutte. Snakk gjerne også med lærarar og andre vaksne, slik at du forstår problemstillinga godt.

I faget medium og kommunikasjon her på ndla.no kan du lære korleis du skriv eit filmmanus: Slik utformar du eit filmmanus

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 27.08.2020

Læringsressursar

Læringsstiar