Hopp til innhald

Fagstoff

Okkupasjonsdramaet

Hendingar og opplevingar frå krigsåra var ikkje berre grobunn for spennande og dramatiske filmforteljingar, det var også ein måte å fortelje om etterkrigstida på. Framstillinga av krigen i okkupasjonsdramaa var ein reiskap, både for å forstå krigsåra og for å skape eit nytt Noreg etter krigen.
Scene fra spillefilmen Kampen om tungtvannet fra 1948. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå traume til kvardagsheltar

Det som kjenneteiknar sjølve okkupasjonsdramasjangeren, er først og fremst at krigen har blitt skildra på fire svært ulike måtar. Dette har skjedd i takt med at åra har gått, og avstanden til krigen har blitt større. Etter ein første traumatisk periode, og ein fase der vanlege menneske var heltar som utførte heltedådar saman, byrja framstillinga av krigen å endre seg i overgangen til 1960-åra.

Dei første krigsfilmane var prega av at traumet frå krigen enno var overveldande, men med Jean Dréville og Titus Vibe-Müllers Kampen om tungtvannet i 1948 byrja sjølve filmforteljinga om krigen å ta form. Historia om tungtvassabotørane vart eit mektig epos om kvardagsheltane, i eit sterkt realistisk filmspråk, heilt på grensa til dokumentarfilm-uttrykket. Med denne filmen tok ein ny krigsfilm form i Noreg, der heltane var anonyme vanlege menneske som gjorde det som vart kravd av dei. Det var kollektivet, Noreg sine menn, som vart skildra. Derfor smelta dei også saman med sjølve det urnorske grunnfjellet i dei mektige, avsluttande bileta av filmen.

Arne Skouens Kalde spor (1962)

Sviket

Filmen Kalde spor av Arne Skouen frå 1962 var det endelege beviset på at framstillinga av krigen hadde skifta karakter. Frå 1962 til byrjinga av 1990-åra var det ikkje heltemot som stod i sentrum, men snarare sviket. Dei fleste okkupasjonsdramaa skildra no dei sidene ved krigen som ein i lang tid hadde unngått. No var det ikkje krigen sine kollektive vanlege heltar som var i sentrum, men dei som sveik, eller dei som samarbeidde med tyskarane. Dermed var ein tredje, meir revisjonistisk og kritisk, fase i sjangeren kommen, i takt med at ein tok eit nytt oppgjer med førestillingane om krigen.

Tre unge menn som går nedover en gate. Foto.

Den individuelle helten

Hans Petter Molands film Secondløitnanten frå 1993 innleidde ein fjerde fase i historia til okkupasjonsdramaet. For første gongen er det ein individuell helt som blir skildra, ein mann som så å seie er større enn livet, og større enn alle andre kring han. Filmen fortel om heltemotet hans. Dette er ført vidare i Joachim Rønning og Espen Sandbergs Max Manus frå 2008, den mest populære av alle dei 26 spelefilmane laga sidan 1946 som har hatt krigen som hovudmotiv.

Forstå vår eiga tid

Kva kan desse filmane fortelje oss om krigen og om filmbransjen i Noreg? Først og fremst viser dei at opplevingane og hendingane frå krigen har vorte skildra på veldig ulike måtar. Krigen er vorten brukt av ulike filmskaparar og ulike generasjonar med ulike behov for å bruke krigen til også å fortelje om etterkrigstida eller om vår moderne tid. Vi blir ikkje ferdige med krigen. Han er framleis avgjerande for identiteten vår som nordmenn. Filmforteljingane er eksempel på korleis vi har nytta oss av krigen for å skape bilete og forteljingar i identitetsarbeidet vårt. Etter krigen var det forteljingar om anonyme kollektive heltedådar som appellerte, så kom ein lang periode der sjølv motstandsrørsla vart kritisert, inntil ein ny type helteskildring har blitt til i dei seinare åra.

Ved 50-årsjubileet for slutten av krigen sa Arne Skouen at heile verdien av jubileet låg i at nye generasjonar har bruk for dei gamle filmane om krigen. Dette er ikkje mindre viktig i dag. Dei ulike bileta av krigen gir oss viktige perspektiv på dei fem åra, og kan også bidra til at vi forstår vår eiga tid. Heltane er ulike, forteljingane i filmane er svært ulike, og kvar tid har sitt bilete av krigen.

CC BY-NC-SASkrive av Gunnar Iversen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 27.08.2020

Læringsressursar

Læringsstiar