Hopp til innhald

Fagstoff

Kosthaldet påverkar helsa di

Helsa vår har aldri vore betre. Vi lever lenger, og det er færre fattige menneske i verda. Likevel må vi vere forsiktige. I dag er det nemleg fleire som døyr av overvekt enn av svolt. Overvekt, fedme og feilernæring har vorte eit aukande problem. Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?

Eit variert kosthald førebygger sjukdom

Kosthald er saman med fysisk aktivitet avgjerande for kroppen sin vekst og utvikling. Livsstilen vår frå tidleg i livet påverkar helsa vår som vaksen. Gjennom eit variert kosthald basert på kosthaldsråda frå styresmaktene sikrar du deg alle næringsstoffa kroppen din treng. Då aukar du moglegheita for god helse samtidig som du reduserer risikoen for å utvikle sjukdommar og tilstandar som

  • feilernæring
  • overvekt og fedme
  • type 2-diabetes
  • hjarte- og karsjukdommar
  • kreft
  • forstopping
  • karies

Feilernæring

Illustrasjon av ei jente som får frukostblanding som består av godteri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølge Unicef var 200 millionar barn i verda feilernærte i 2019. På verdsbasis har mange barn eit usunt kosthald fordi dei manglar eller ikkje har råd til betre alternativ. I Noreg derimot er problemet at vi blir overeksponerte for usunn mat. Feilernæring handlar ikkje om for mykje eller for lite mat, men om feil type mat.

Du har tidlegare lært om dei ulike næringsstoffa og kvifor dei er nødvendige for at kroppen skal fungere best mogleg. Eit mangelfullt inntak av næringsstoff vil gå ut over essensielle funksjonar i kroppen din. Over tid vil dette føre til redusert vekst og utvikling, lærevanskar, nedsett immunsystem, auka risiko for å få infeksjonar og overvekt.

Ei viktig årsak til feilernæring er mangel på frukt og grønsaker i kosten. Dette gjer at kroppen din ikkje får nok vitamin og andre viktige næringsstoff. Eit variert kosthald vil hindre feilernæring ved at du sikrar deg alle næringsstoffa kroppen din treng, og bidreg dermed til god helse.

Overvekt og fedme

Kva du et, kor mykje du et, og kor fysisk aktiv du er, påverkar ulike delar av den indre balansen i kroppen – mellom anna blodsukkeret, blodtrykket og nivået av feittstoff i blodet. Ein konsekvens av feilernæring og inaktivitet er derfor overvekt og fedme. Overvekt betyr at ein har høg kroppsvekt og så mykje feitt på kroppen at det påverkar helsa negativt. For å klassifisere overvekt blir ofte kroppsmasseindeks (KMI) nytta. Dette er eit hjelpemiddel som, basert på vekt i forhold til høgde, gir ein peikepinn på om ein person er overvektig eller ikkje.


Overvekt er ikkje i seg sjølv ein sjukdom, men høg kroppsvekt kan setje grenser for aktivitetsnivået ditt, gir auka fysisk belastning for kroppen og auka risiko for å utvikle alvorlege sjukdommar som hjarte- og karsjukdommar, diabetes type 2 og nokre typar kreft. Kroppen din er med på å definere deg som person. Mange som lever med overvekt, slit med lågt sjølvbilete og oppleving av å ikkje passe inn i samfunnet sine krav til utsjånad. Overvekt kan derfor òg vere ei psykisk belastning for mange.

Årsakene til overvekt og fedme er samansette, men ubalanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du forbruker gjennom aktivitet, er den viktigaste årsaka. Behandlinga er derfor auka fysisk aktivitet, redusert energiinntak og eit variert kosthald.

Diabetes type 2

Når du et, aukar konsentrasjonen av sukker i blodet. Dette regulerer kroppen ved at han skil ut hormonet insulin som hjelper til med å lagre sukkeret som glykogen-molekyl – eit av energilagera til kroppen. Diabetes type 2 er ein sjukdom som blir kjenneteikna ved at insulinet ikkje fungerer som det skal, eller at kroppen produserer for lite av det.

Lite insulin ved inntak av mat fører til høgt blodsukker over lang tid og endrar måten kroppen må handtere nedbrytinga av næringsstoffa på. Dette kan over tid skade blodårer og nervar og vidare leie til hjarte- og karsjukdommar.

Overvekt er hovudårsaka til utvikling av diabetes type 2, men arv kan òg spele inn. Fysisk aktivitet og gode kosthaldsvanar vil i stor grad førebyggje denne sjukdommen.

Hjarte- og karsjukdommar

Hjarte- og karsjukdommar er ei samlenemning på ei gruppe sjukdommar i hjartet og blodårene. Dei vanlegaste sjukdommane i denne gruppa er

  • hjartekrampe
  • hjarteinfarkt
  • hjartesvikt
  • hjerneslag

Ifølge Folkehelseinstituttet lever 1 av 5 med hjarte- og karsjukdom eller har høg risiko for å få ein slik sjukdom. Til saman er denne gruppa sjukdommar ei av dei hyppigaste dødsårsakene i Noreg.

Hjarte- og karsjukdommar er ein konsekvens av høgt blodtrykk og opphoping av feittstoffet kolesterol i blodårene over tid, som kan føre til ei innsnevring eller blokkering. Med redusert eller blokkert blodtilførsel til delar av eit organ vil cellene i området døy som følge av mangel på oksygen, og organet vil slutte å fungere. Denne utviklinga er vist i figuren under, frå frisk blodåre til danning av blodpropp.

Overvekt, stress, inaktivitet, eit kosthald med mykje feitt og sukker, røyking og stort alkoholinntak er faktorar som aukar risikoen for å utvikle desse sjukdommane. Gjennom å vere klar over kva du et, og å halde deg aktiv kan du sjølv påverke risikoen din for å utvikle desse sjukdommane.

Kreft

Ved sida av hjarte- og karsjukdommar finn vi kreft på toppen av lista over dødsårsaker i Noreg. Kreft er ei nemning for celler som delar og spreier seg ukontrollert, og rommar ei stor gruppe ulike kreftsjukdommar. Det er framleis mykje uvisse rundt årsakene til kreft, men nokre årsakssamanhengar er tydelegare enn andre, mellom anna at røyking aukar risikoen for lungekreft.

Ein rapport frå World Cancer Research Fund har sett på samanhengen mellom kosthald, fysisk aktivitet og kreft. Rapporten konkluderer med at fysisk aktivitet og eit variert kosthald kan redusere risikoen for å få kreft. Dei fokuserer spesielt på frukt og grønsaker og tilrår 400–800 gram kvar dag. Her i Noreg, der det gjennomsnittlege inntaket av frukt og grønsaker er 375 gram, bør vi doble inntaket vårt. Ein tommelfingerregel er at 1 frukt eller grønsak motsvarer cirka 100 gram.

Forstopping

Mange opplever forstopping med mageknip og hard mage. Dette kan vere ein konsekvens av feil kosthald. Mangel på kostfiber i maten, lågt væskeinntak og inaktivitet er faktorar som kan gi deg forstopping. Kostfibrar blir ikkje brotne ned i fordøyinga hos oss menneske, men saman med væske fraktar dei med seg avfallsstoff gjennom systemet og hindrar at maten stoppar opp.

Det å auke inntaket av grove kornprodukt, grønsaker og tørka frukt, regelmessig fysisk aktivitet og rikeleg inntak av vatn vil dermed kunne redusere hard mage.

Biletkollasj med foto som viser fire forskjellige brødposar merkte med Brødskala'n.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tannhelse

Det er òg tett samanheng mellom kosthald og tannhelse. Her er det ikkje mengda, men kor ofte du et, som er viktig. Det å ha regelmessige måltid og unngå småeting og høgt inntak av sukker vil vere ein fordel for å unngå karies, eller hol i tennene.

Søte drikkar som brus og saft inneheld sukker, medan jus, kaffi og te inneheld syre. Bakteriar som sit på tennene, spaltar sukker i mat og drikke til syre, og det er denne syra som dannar hol i tennene. Ved at du unngår småeting, får spyttet tid til å nøytralisere syra og dermed verne tennene. Det er derfor lurt å drikke vatn mellom måltida. Vidare er det viktig med reinhald for å fjerne bakteriar og matrestar. Her er tilrådinga å pusse tennene to gonger om dagen.

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2017, 3. januar). Overvekt og fedme i Noreg. https://www.fhi.no/nettpub/hin/ikke-smittsomme/overvekt-og-fedme/

Folkehelseinstituttet. (2021, 10. juni). Dødsfall etter dødssted og dødsårsak. http://statistikkbank.fhi.no/dar/

Folkehelseinstituttet. (2020, 16. januar). Hjerte- og karsykdommer i Norge. https://www.fhi.no/nettpub/hin/ikke-smittsomme/Hjerte-kar/

Helsedirektoratet. (2012). Norkost 3. En landsomfattende kostholdsundersøkelse blant menn og kvinner i Norge i alderen 18–70 år, 2010–11. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/norkost-3-en-landsomfattende-kostholdsundersokelse-blant-menn-og-kvinner-i-norge-i-alderen-18-70-ar-2010-11.pdf.

Helsenorge.no. (2017, 31. juli). Hull og tannskader. https://helsenorge.no/tannhelse/hull-og-tannskader

Norsk helseinformatikk. (2015, 13. mai). Kreftforebygging med et sunt kosthold. https://nhi.no/sykdommer/kreft/vis-kreftvett/kreftforebygging-med-et-sunt-kosthold/

Norsk Helseinformatikk. (2019, 24. juli). Overvekt. https://nhi.no/kosthold/overvektfedme/overvekt-hva-er-det/

Norsk helseinformatikk. (2019, 2. august). Kostfiber. https://nhi.no/kosthold/ernaring/kostfiber/

Norsk Helseinformatikk. (2020, 8. januar). Diabetes type 2. https://nhi.no/sykdommer/hormoner-og-naring/diabetes-type-2/type-2-diabetes-oversikt/

UNICEF. (2019). The State of the World's Children 2019: Children, food and nutrition. https://www.unicef.org/media/63016/file/SOWC-2019.pdf

World Cancer Research Fund. (2007). Food, Nutrition, Physical Activity, and the Prevention of Cancer: a Global Perspective. https://discovery.ucl.ac.uk/id/eprint/4841/1/4841.pdf

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2022

Læringsressursar

Ernæring, helse og livsstil