Kostsirkelen er eit hjelpemiddel i kostplanlegginga. Matvarene er delte inn i fem grupper i sirkelen, og storleiken på felta viser kva vi bør ete mest av.
I kostsirkelen er matvarene delte inn i fem grupper:
- kornvarer og poteter
grønsaker, frukt og bær
meieriprodukt
kjøtt, innmat, fisk, egg og belgfrukter
margarin, smør og oljer
Ut frå kostsirkelen kan vi gi desse kosthaldsråda:
- Vegetabilske matvarer bør utgjere hovuddelen av kosthaldet.
- Animalske matvarer bør utgjere ein mindre del av kosthaldet.
- Feitt og feittrike matvarer bør berre utgjere ein liten del av kosthaldet.
- Sukker og sukkerrike matvarer finst ikkje i kostsirkelen, og slike produkt treng vi ikkje i eit sunt kosthald.
CC BY-NC-SASkrive av Asle Holthe. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 19.10.2022