Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli kjend med Kostholdsplanleggeren

Ved å løyse denne oppgåva kan du bli betre kjent med Kostholdsplanleggeren, lære meir om næringsinnhald i nokre matvarer og reflektere over og vurdere dette opp mot tilrådingar og livsstilssjukdommar.
Nettbrett med Kostholdsplanleggeren på skjermen. Foto.

Kostholdsplanleggeren er eit kostberekningsprogram som reknar ut og samanliknar næringsinnhaldet i heile rettar og menyar og i ulike matvarer.

Planlegging/førebuing før oppgåvene

Læraren må vise korleis ein bruker Kostholdsplanleggeren, og ha gått gjennom næringsstoffa og næringsbehovet til ulike grupper og i tillegg temaet livsstilssjukdommar.

Oppgåve 1

Ta utgangspunkt i Kostholdsplanleggeren:

  1. Kven har laga Kostholdsplanleggeren? Kva rolle har desse utgivarane i samfunnet i samband med ernæring og helse?
  2. Kven kan ha nytte av programmet? Grunngi svaret ditt.
  3. Kva kan programmet brukast til? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 2

Foreslå ein dagsmeny til Per som går på vidaregåande. Han er 17 år, 170 cm høg og veg 80 kilo. Eleven er mykje i aktivitet kvar ettermiddag.

  1. Finn ut ved hjelp av Kostholdsplanleggeren kor mange kaloriar Per treng kvar dag.
  2. Lag eit forslag til ein dagsmeny som inneheld den tilrådde energien og måltidsfordelinga og ei riktig fordeling av dei energigivande næringsstoffa. Dagsmenyen kan du lage ved å trykke "Opprett en ny ukemeny", gi menyen navn og føre opp menyen på ein av dagane.
  3. Vurder menyen du har laga, opp mot dei nasjonale tilrådingane for eit godt kosthald.

Oppgåve 3

  1. Sjå etter ei oppskrift på tacokrydder. Vurder oppskriftene du finn, og vel den som inneheld minst salt. Under "Opprett en ny rett" skriv du inn navn på retten og legg inn ingrediensane. Før opp saltinnhaldet, slik at du kan rekne ut saltinnhaldet i oppgåve b. Kva seier tilrådingane om inntak av salt per dag?
  2. Bruk Kostholdsplanleggeren og rekn ut ulike typar val du kan ta når du handlar inn til taco. Grønsaker er utelatne fordi alle grønsaker er sunne, og det finst ikkje "dårlege" alternativ. Bruk matvarene som er nemnde i tabellen under, når du jobbar med oppgåva.

    • Næringsstoff som du skal hake av for i programmet og seinare vurdere, er: salt (ikkje natrium), feitt, metta feitt, umetta feitt, fleirumetta feitt, kostfiber og talet på kcal.
    • Næringsberekn taco til 1 middagsporsjon. Bruk same mengde ingrediensar på begge alternativa når du samanliknar alternativ 1 og 2.
  3. Vurder næringsinnhaldet i matvarene, og skriv ein konklusjon til slutt om kva som er mest fornuftig å velje. Du kan enkelt samanlikne tala i alternativ 1 og 2 ved å trykke på "Sjekk og sammenlign næringsinnholdet i maten" og så skrive namnet på retten i søkefeltet.

Ver merksam på at salt og tilsett sukker ikke blir vist i søylediagram sidan det ikkje er eit "daglig anbefalt inntak" for salt og sukker, men ei dagleg tilrådd øvre grense for inntak.

Ingrediensar i taco

Alternativ 1

Alternativ 2

Kjøttdeig med vatn/salt, fersk, rå

Karbonadedeig, rå

Kvit ost, Norvegia 27 %

Kvit ost, lettare type, Norvegia

Seterrømme, 35 % feitt

Lettrømme, 20 % feitt

Taco kryddermix, type Old El Paso

Oppskrift på krydder som du har lagt inn og næringsberekna.

Tortilla wraps, kveitemjøl, type Santa Maria

Tortilla fullkorn. Dette produktet finst ikkje i Kostholdsplanleggeren. Bruk ingredienslista på nettsida Matinfo. Før opp tala under "Mine matvarer" og legg til "Ny matvare".

Relatert innhald

Kostholdsplanleggeren er eit kostberekningsprogram som bereknar og samanliknar næringsinnhaldet i heile rettar og menyar og i ulike matvarer.

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen, Unni Kulhuset Granheim og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2023

Læringsressursar

Ernæring, helse og livsstil