Hopp til innhald

Fagstoff

Matmerking hjelper forbrukarane å velje sunt

Det finst fleire merkjeordningar for matvarer som kan hjelpe forbrukarane til å gjere sunnare val i kvardagen. To av desse er Brødskala'n og Nøkkelhullet.
Foto av ei ung mor som handlar sunn mat i ein matbutikk. Sonen hennar sit i handlevogna, som elles er fylt med frukt og grønsaker.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brødskala'n

Kor grovt eit brød er, er vanskeleg å bedøme etter utsjånaden. Det er òg vanskeleg å vite kva som er kriteria for eit sunt brød. Brødskala'n er ei merkjeordning som skal gjere det lettare for forbrukarane å velje sunne, grove brød- og kornprodukt.

Illustrasjon av merket som blir nytta i merkeordninga Brødskala'n. Merket  har fire prosentinndelingar som viser kor grovt eit brød er.

Brødskala'n er delt inn i fire grovleikskategoriar og gir ei oversikt over kor stor del sammale mjøl, heile korn og kli eit brød inneheld. Ein nyttar ulike omrekningsfaktorar for å berekne grovleiken til brødet i forhold til kva kornart og kva delar av kornet som er nytta.

Det er frivillig for mjøl- og bakeribransjen å merkje produkta sine med Brødskala'n. Merkjeordninga blir administrert av Baker- og Konditorbransjens Landsforening (BKLF). Bedrifter som anten er medlem av BKLF eller har signert avtale med BKLF, er godkjende for å bruke Brødskala'n.

Hos Opplysningskontoret for brød og korn (brodogkorn.no) kan du finne ein grovleikskalkulator. Her kan du berekne kor grove dine eigne brødoppskrifter er.

Nøkkelhullet

Nøkkelhullet er ei frivillig og felles nordisk merkjeordning for matvarer som skal gjere det enklare for forbrukarar å velje sunnare matvarer innanfor kvar enkelt matvaregruppe. Merkjeordninga blir styrt av styresmaktene gjennom Mattilsynet og Helsedirektoratet.

Norske kostråd seier at vi bør få i oss 25–30 gram fiber kvar dag, og dette svarer til 70–90 gram sammale mjøl eller fullkorn. Av det daglege energiinntaket vårt bør maks 30 prosent komme frå feitt og 10 prosent frå sukker. Saltinntaket bør ikkje overstige 5 gram. Dette er grunnlaget for kriteria i merkjeordninga Nøkkelhullet.

Illustrasjon som viser Nøkkelhullet-logoen.

Formålet med merkinga

Merkinga skal gjere det lettare for forbrukarane å setje saman eit kosthald som er i tråd med kostråda. Merkinga vil òg påverke matbransjen til å jobbe med produktutvikling og lage produkt som inneheld mindre feitt, ei sunnare feittsyresamansetjing, mindre salt og sukker og dessutan meir kostfiber, fullkorn, grønsaker og frukt.

For å få nøkkelholsmerket på eit produkt må ein søkje og få godkjent produktet etter kriteria som er sette innanfor den aktuelle matvaregruppa.

Kva matvarer kan få Nøkkelhullet?

Ferdigpakka matvarer som inneheld mindre feitt, metta feitt, salt og sukker og meir fiber og fullkorn enn andre matvarer i same matvaregruppe, kan merkjast med Nøkkelhullet.

Alle friske grønsaker, frukt, bær, poteter og belgvekstar og dessutan fersk fisk er naturlege nøkkelholsprodukt sjølv om dei ikkje er merkte.

Brød, ost og kjøtt som ikkje er innpakka, kan òg marknadsførast med Nøkkelhullet dersom dei tilfredsstiller krava.

Matvarer som brus, godteri, kaker og kjeks kan ikkje få Nøkkelhullet.

Foto av to beger med Skyr mysli som har nøkkelholsmerket.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Helsedirektoratet. (2019, 10. oktober). Nøkkelhullet. Helsenorge.no. https://www.helsenorge.no/kosthold-og-ernaring/nokkelhullet/hvorfor-velge-nøkkelhullet

Begrenset brukSkrive av Opplysningskontoret for brød og korn og Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022

Læringsressursar

Ernæring, helse og livsstil