Hopp til innhald

Fagstoff

Matsjokket: Tirils brødsjokk

I serien Matsjokket har meisterkokken Christer Rødseth sett seg føre å redusere matsvinnet i Noreg. I denne episoden lærer freestylekøyrar Tiril Sjåstad Christiansen korleis ho kan nytte tørt brød til å lage nydeleg mat.

Oppgåver til filmen

  1. Sjå episoden som handlar om brød i NRK-serien Matsjokket. Noter hendingar, utsegner eller fakta du legg merke til i episoden.

  2. Del med klassen kva du la merke til i denne episoden.

  3. Finn oppskrifter og tips anten frå episoden du har sett, eller andre oppskrifter du finn, som handlar om å nytte gammalt brød på ein berekraftig måte.

  4. Gå saman i grupper og lag rettane etter oppskriftene de fann i oppgåve 3. Presenter rettane på ein buffé slik at heile klassen får sjå kva gruppene har laga av gammalt brød.

CC BY-SASkrive av Therese Hansen Federl og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2020

Læringsressursar

Avfall og miljø