Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utnytting av råvarer

Finn ut korleis du kan avgrense svinn av råvarer.
Nærbilete av ulike grønsaker: purre, tomat, gulrot, agurk, potet, brokkoli, kålrot, sukkererter og kål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva de skal lære

De skal lære korleis de kan utnytte ei råvare for å avgrense og/eller unngå matsvinn.

Slik gjer de:

  1. Sjå YouTube-filmen 5 hacks som redder grønnsaker og frukt for inspirasjon.
  2. Gå saman i mindre grupper.
  3. Vel ut nokre råvarer de meiner har mykje matsvinn.
  4. Lag ein film om kva de kan gjere for å bruke opp mest mogleg av desse råvarene. Målet er minst mogleg matsvinn!
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen og Dina Gaupseth.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2020

Læringsressursar

Avfall og miljø