Hopp til innhald

Fagstoff

Matsjokket: Ronny og Tuvas grønnsakssjokk

I serien Matsjokket har meisterkokken Christer Rødseth sett seg føre å redusere matsvinnet i Noreg. I denne episoden får Ronny Brede Aase og Tuva Fellman sjokk når dei får vite kor mange grønsaker som går rett i søpla.

Reflekter saman i klassen

  • Korleis er situasjonen heime hos dykk sjølve? Kastar de mykje frukt og grønsaker? Kva kastar de mest av?

  • Kva synest de om at tonnevis av grønsaker blir kasta fordi dei har feil form eller storleik?

  • Når du skal lage mat i store mengder, vil ikkje då krokete grønsaker og små laukar gi oss ekstra arbeid som kostar både tid og pengar?

  • Når vi vaskar til dømes gulrot og potet, blir haldbarheita redusert, noko som kan føre til auka matsvinn. Diskuter: Må vi ha vaska vare i butikk?

Praktisk oppgåve

  • Har de nokon slappe grønsaker på kjøla? Test trikset med å legge dei slappe grønsakene i isvatn. Fungerer det?

  • Få tak i nokre krokete og utsorterte grønsaker, og lag retten med gulrot i lomper som vist i filmen. Oppskrifta finn du hos NRK.

CC BY-SASkrive av Therese Hansen Federl og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2022

Læringsressursar

Avfall og miljø