Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Det store bananprosjektet

Kvar dag blir det kasta meir enn 40 000 bananar i Noreg. Bananen har reist langt før han hamnar på matbordet ditt. Då er det lite miljøvenleg å kaste han.
Klasar av umodne grøne bananar og modne gule bananar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om prosjektet

Det blir kasta for mykje mat i Noreg og verda i dag. Dette er ikkje berekraftig, og ei endring må til. Ei av matvarene vi kastar mykje av, er bananar.

Dette prosjektet består av fleire delar. I første del skal klassen finne så mange fakta som mogleg om bananen, og lage fine faktaplakatar. I tillegg skal de samle inn bananar som eigentleg skulle ha vore kasta, frå éin eller fleire lokalbutikkar. Av desse bananane skal de lage mat som de deler ut på skulen. Kanskje de kan inspirere andre til å kaste færre bananar?

Sjå gjerne episoden om Noobworks banansjokk frå serien Matsjokket som ei innleiing til temaet.

Del 1: Lag faktaplakatar

Del klassen inn i grupper som jobbar med å lage faktaplakatar om bananen. Her er nokre forslag til tema:

  • Korleis blir ein banan produsert? Kor lang tid tek det, og kor mykje ressursar må til for å få ein banan etemoden?

  • Korleis blir bananen frakta til Noreg?

  • Kva kan vere gode grunnar til å ete ein banan?
  • Kvifor kastar vi så mange bananar? Kom med idear og forslag til korleis vi kan redusere dette matsvinnet.

Presenter plakatane for kvarandre.

Del 2: Finn oppskrifter

Dei same gruppene jobbar med å finne gode oppskrifter til rettar ein kan lage av bananar. Deretter samlar klassen oppskriftene i eit felles hefte. Kvar gruppe får i oppdrag å finne oppskrifter til ein av desse kategoriane:

  • bakverk

  • dessertar

  • frukostrettar

  • drikker

  • varmrettar

Del 3: Samle inn bananar

Ta kontakt med ein eller fleire daglegvareforretningar, og høyr om de kan få bananane som skulle vore kasta denne veka. Veg bananane og ta bilete av dei. Lag ein plakat som viser bileta, og skriv på kor mange kilo som skulle ha vore kasta.

Del 4: Lag ulike rettar med banan

Bruk oppskriftene de fann, og lag eit utval av rettane.

Del 5: Set opp ein stand

Set opp ein stand på skulen med faktaplakatane, og del ut smaksprøver på dei rettane de likte best.

Fortel forbipasserande om prosjektet dykkar og at maten er laga av bananar som eigentleg skulle vore kasta.

Tips!

Har de bananar eller smaksprøver igjen?

  • Tenk gjerne livsglede for eldre. Finst det eit eldresenter eller liknande i nærleiken der de kan dele ut smaksprøver?

  • Eller finst det ein barnehage i nærleiken der dei hadde vorte glade for litt smoothies eller bananlappar?

Refleksjon

Etter å ha jobba med prosjektet kan de reflektere saman i klassen:

  • Har de lært noko av dette prosjektet? I så fall kva?

  • Har de vorte meir klar over ressursbruk og matsvinn?

  • Kven kan gjere noko med dette store matsvinnet? Er det forbrukarane, næringa eller andre?

Relatert innhald

Bananen blir i dag dyrka i det tropiske beltet langs ekvator i både Amerika, Asia og Afrika. Han er ei av dei viktigaste varene i verdshandelen med frukt.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Avfall og miljø