Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Matsvinn i bedrifter

Finn ut korleis bedrifter handterer matavfall og reduserer og utnyttar matsvinn.
Ein behaldar med mat som er kasta, blant anna poteter, kjøtkaker og erter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva de skal lære

I denne oppgåva skal de finne ut korleis ulike bedrifter handterer matavfall og matsvinn.

Slik gjer de:

  1. De får utdelt ei oversikt over bedrifter der du eller medelevane dine er, eller har vore, utplasserte.
  2. Gå saman i grupper på to eller tre, og vel ei av bedriftene frå oversikta.
  3. Lag ei liste med spørsmål som de ønskjer å stille denne bedrifta. Gjer gjerne dette saman i klassen. Døme på spørsmål er: Kva råvarer har størst svinn? Korleis utnyttar de desse råvarene? Kor mykje mat blir kasta i bedrifta? Kor mykje meiner de sjølve at matsvinnet kostar i kroner og øre? Har de tenkt på korleis de kan redusere svinnet? Kan svinnet utnyttast på ein eller annan måte?
  4. Avtal tidspunkt for intervju med bedrifta.
  5. Noter svara de får frå bedrifta, på ein plakat, og heng plakaten opp i klasserommet.
  6. Les plakatane frå alle gruppene, og finn punkt som bedriftene har til felles. Noter desse punkta i ei felles oversikt, t.d. på tavla.
  7. Drøft i klassen om nokre av løysingane bedriftene har valt for å redusere matsvinn, også er relevante på skulen dykkar.
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen og Dina Gaupseth.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2022

Læringsressursar

Avfall og miljø