Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teknologi, samfunn og demokrati

Utviklinga og bruken av kunstig intelligens i dag reiser mange spørsmål om rolla teknologien har i samfunnet.
Ei ung kvinne i formelle klede ser på eit stolpediagram på ein futuristisk hologramskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I samfunnsvitskapen er det i grove trekk to måtar å tenkje på forholdet mellom teknologi og samfunn på.

Teknologideterminisme

I eit teknologideterministisk syn ser vi på teknologi som ei uavhengig kraft i samfunnet, som påverkar oss utan at vi kan gjere noko med det. Teknologien endrar samfunnet.

Modell med to svarte boksar og ei pil. I boksen til venstre står det «teknologi», og derfrå går det ei pil mot boksen til høgre, der det står «samfunn». Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Sosialt konstruert teknologi

I dette synet ser vi på teknologi som noko som er laga av oss menneske og dermed blir påverka av verdiane og normene våre. Det er samfunnet og menneska som endrar teknologien.

Modell med to svarte boksar og ei pil. I boksen til venstre står det «teknologi», og i boksen til høgre står det «samfunn». Ei pil peikar frå samfunn til teknologi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein tredje veg

No skal vi diskutere ein tredje veg. Teknologi blir laga av menneske. Teknologien påverkar igjen samfunnet vårt. Men kva kan vi eigentleg gjere for å påverke teknologien – både når han blir laga, og når han er ferdig? Vi veit at kunstig intelligens skaper ein del problematiske utfall, så korleis kan vi sørgje for at han gagnar samfunnet?

Modell med to svarte boksar og to piler. I boksen til venstre står det «teknologi», og i boksen til høgre står det «samfunn». Mellom boksane er det to piler som peikar kvar sin veg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeoppgåve

Jobb i grupper. Vel oppgåve a eller b.

Oppgåve A: IB-algoritmen

Les artikkel om IB-algoritmen (NRK), og svar på spørsmåla.

  1. Kva har skjedd her? Diskuter.
  2. Korleis hadde du reagert om dette hadde skjedd med deg?
  3. Kva er problematisk med bruken av algoritmar i dette tilfellet?

Oppgåve B: Demokrati, teknologi og ytringsfridom

Les artikkelen «Demokrati, teknologi og ytringsfrihet» (Teknologirådet).

  1. Kva legg vi i omgrepa ekkokammer og polarisering?
  2. Kvifor er dette problematisk for samfunnet vårt?
  3. Har de nokon døme på ekkokammer eller persontilpassing frå kvardagen?
Stortingsbygningen sett framanfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Lisa Reutter.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2020

Læringsressursar

Medieutvikling og innovasjon