Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Generativ KI og etiske utfordringar

I denne oppgåva skal du diskutere etiske utfordringar knytte til praterobotar. Etterpå skal du løyse eit praktisk arbeidsoppdrag der du skal lage ein podkast om dette temaet.
To ungdommar pratar i lydstudio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Diskuter digital dømmekraft og praterobotar i skulen

Kunstig intelligens gir oss mange mogelegheiter, men det er òg utfordringar knytte til teknologien. Gå saman i grupper på to eller tre. Ta notat undervegs og bruk desse som utgangspunkt for arbeidet i del 2 av oppgåva.

  1. Skriv tre argument for bruk av praterobotar i skulen og tre argument mot. Del argumenta i klassen.

  2. Set dykk inn i diskusjonar om bruk av praterobotar i skulesamanheng gjennom generelle søk på nett. Del søkeord og kjelder med kvarandre undervegs.

  3. Drøft fordelar og ulemper med bruk av praterobotar til læring og skulearbeid.

Sjå filmen "Hvordan bruke KI til skolearbeid – uten å jukse" frå NRK.

2. Lag ein podkast

Kva er erfaringane dykkar med praterobotar? Kvifor er det viktig å utøve digital dømmekraft når det gjeld bruk av KI i skulen?

Podkasten skal ta utgangspunkt i ein eigenformulert påstand eller ei problemstilling innanfor temaet digital dømmekraft og bruk av praterobotar i skulen. Medieproduktet skal vere drøftande og informativt, og problemstillinga skal gå som ein raud tråd igjennom heile podkasten.

  • De bestemmer sjølve kven som er målgruppa.

  • Podkasten skal vare i sju–ti minutt.

  • Diskuter dykk imellom eller inviter gjester inn i podkaststudioet. Gjestene kan formidle argument og relevant kunnskap som belyser problemstillinga. Gjester kan til dømes vere elevar som har erfaring med bruk av praterobotar i skulearbeid, teknologiekspertar, lærarar eller representantar frå skuleadministrasjonen.

  • Skap interesse: Førebu relevante og . Dei skal danne grunnlag for diskusjon og refleksjon. Spørsmåla skal vere retningsgivande og drive podkasten framover.

  • Hald interessa til lyttarane: Bruk og forklar sentrale fagomgrep undervegs i podkasten og vis til konkrete døme. Førebu dette og legg det i manuset!

  • Hald fokuset: Planlegg ei avslutning der de samanfattar samtalen.

Relatert innhald


<\>

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2024

Læringsressursar

Medieutvikling og innovasjon