Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mediekvardag i 2030

Ta eit steg inn i framtida, og sjå deg tilbake: Kva roller speler media i livet ditt og i samfunnet i 2030, og kva drivkrefter er det som har endra mediebiletet?
Foto av smilande jente kikkar oppover mot teksten "Lytt deg gjennom mediefaget".
Lytt deg gjennom mediefaget

Mediekvardag i 2030

I podkasten Mediehverdag i 2030 har Jens Barland, førsteamanuensis og instituttleiar ved Høyskolen Kristiania og programleiar Sarah Natasha Melbye reist fram i tid og er no i 2030. Bli med på reisa!

0:00
-0:00

Oppgåve 1

Oppgåve 2

Vel ei av oppgåvene.

  1. Du er i 2030. Skriv eit brev til ein skuleelev som er i år. Fortel han eller ho om den medieverkelegheita du no opplever, og korleis innovasjon og medieutvikling i løpet av ti år har endra livet ditt og samfunnet rundt deg.
  2. Gå saman to og to, og lag eit kort høyrespel. I høyrespelet møter vi to personar i 2030. Temaet for høyrespelet skal vere mediekvardag. Hugs at eit høyrespel krev ei form for . Lag først eit manus, og fordel replikkane mellom dykk. Gjer opptak med det lydutstyret de har tilgjengeleg. I etterkant kan de leggje på bakgrunnslyd og lydeffektar.

    Tips frå NRK Skole når du skal lage høyrespel:

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2020

Læringsressursar

Medieutvikling og innovasjon