Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Virtuelle influensarar på sosiale medium

I dag finn vi digitale robotprofilar på Instagram og andre sosiale medium. Dette er virtuelle avatarar som berre eksisterer på nett, og mange av dei har store følgarskarar. Robotane blir brukte til å marknadsføre ulike produkt.
Ei kvinne ser inn i kameraet. Halve ansiktet hennar er eit kvitt robotansikt med lysande blått auge. Foto med grafikk.

Virtuelle avatarar i marknadsføring

Å bruke virtuelle avatarar til marknadsføring er ein veksande trend. Dei virtuelle influensarane har eigne profilar på sosiale medium, og dei mest populære har fleire millionar følgarar. Robotane blir brukte til å marknadsføre ulike produkt. Dei ser ut som ekte menneske, dei er med i moteshow, og dei representerer kjende varemerke.

Ein virtuell avatar kan beskrivast som ein robot, ein datagenerert tredimensjonal modell som berre eksisterer digitalt. Utviklinga av virtuelle avatarar er eit døme på innovativ digital utvikling. 3D-design tek i bruk nye interaktive format.

I oppgåvene skal du sjå nærmare på dette fenomenet. Du skal studere ulike virtuelle influensarar og diskutere positive og negative sider ved denne digitale utviklinga.

1. Den virtuelle avataren Lil Miquela

19 år gamle Lil Miquela er halvt spansk og halvt brasiliansk. Ho har millionar av følgarar på Instagram – og er ein virtuell avatar som berre eksisterer på nett.

Oppgåver

  1. Les NRK sin artikkel "Instastjernas hemmelighet".

  2. Studer Instagram-profilen til Lil Miquela.

  3. Sjå korleis Lil Miquela presenterer seg sjølv på Snapchat.

  4. Svar på spørsmåla:

    1. Kva informasjon kan du finne om Lil Miquela på profilane hennar på Instagram og Snapchat?

    2. På kva måte viser ho engasjement for følgarane sine?

    3. Kva påverknadskraft har Lil Miquela?

    4. Korleis kjem det fram at ho er ein virtuell avatar som berre eksisterer digitalt?

    5. Nemn fordelar og ulemper ved å bruke virtuelle influensarar til marknadsføring.

2. Shudu – den første digitale supermodellen i verda

Instagram-profilen til Shudu promoterer ho ulike merkevarer. Det er fotografen Cameron James Wilson som har utvikla roboten.

Gjer research på Cameron James Wilson og Shudu Gram og svar på oppgåvene under. Jobb saman i par.

Oppgåver

  1. Korleis vart den virtuelle avataren utvikla?
  2. Kvifor endra Cameron James Wilson karriere frå fotografering til 3D-design?
  3. Korleis blir Shudu Gram brukt som marknadsføringsverktøy for ulike motehus? Finn bilete og innlegg frå ulike sosiale plattformer.
  4. Korleis fungerer det å bruke avatarar til marknadsføring på denne måten?

3. Konsekvensar av 3D-design og digital medieutvikling

Gå saman i grupper på fire og diskuter desse spørsmåla:

Eit datagenerert kvinneansikt fadar ut mot ein stjernehimmel. 3D-illustrasjon.
  1. Utviklinga av virtuelle avatarar er eit døme på innovativ digital utvikling. Vi har fått eit nytt format ved at 3D-design er kombinert med kunstig intelligens. Diskuter positive og negative sider ved denne forma for digital utvikling.
  2. Korleis kan digital medieutvikling som dette påverke individ og samfunn?
  3. På kva måte kan samfunnsutviklinga påverke utviklinga av virtuelle format?

Oppsummer diskusjonane i klassen til slutt.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2020

Læringsressursar

Medieutvikling og innovasjon