Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet medieutvikling og innovasjon

Korleis blir medieteknologi brukt på nye og innovative måtar, og korleis kan dette kan påverke enkeltindivid og samfunn? Sjekk desse punkta, og få oversikt over kva du kan om medieutvikling.
Bilete av mann med PC, nettbrett og smarttelefon i handa. I bakgrunnen skimtar vi eit bymiljø. Illustrasjon.

Kva har du fått med deg?

  • Eg har kjennskap til korleis ny medieteknologi og aktuelle publiseringskanalar og kommunikasjonsformer påverkar enkeltindivid og samfunn.
  • Eg har utforska og diskutert ny medieteknologi og aktuelle publiseringskanalar og kommunikasjonsformer.
  • Eg har utvikla innhald for ny medieteknologi og nye kommunikasjonsformer.
  • Eg kan gjere greie for ulike typar innovasjon.
  • Eg kan gjere greie for omgrepet kunstig intelligens.
  • Eg veit kva deepfakes er, og eg kan seie noko om kva konsekvensar deepfakes kan få for demokratiet.
  • Eg veit korleis virtuelle avatarar kan brukast til marknadsføring.

Omgrep

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2022

Læringsressursar

Medieutvikling og innovasjon