Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag din eigen avatar

I denne oppgåva skal du lage ein avatar. Gjennom ein skreddarsydd digital versjon av deg sjølv kan du kommunisere på nye måtar.
Enkle avatarar med forskjellige og fargerike frisyrar. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Personlege avatarar har lenge blitt brukte i spelverda, og dei siste åra har personlege avatarar òg blitt utvikla for sosiale medium. Bitmoji på Snapchat er kanskje dei mest kjende. Facebook har òg lansert ein versjon som dei kallar Avatars. Her kan du enkelt designe ein miniversjon av deg sjølv, og du kan tilpasse ulike element, som ansikt, frisyre og klede.

Gjer research på nettet og utforsk ulike program der du kan lage personlege avatarar.


Oppgåve 2

Gjennom ein skreddarsydd digital versjon av deg sjølv kan du kommunisere på nye måtar. På sosiale medium blir avatarar brukte til dømes for å uttrykkje kjensler i ulike settingar. Nokre bruker avatarar i stories og kommentarar, andre bruker avatarar som profilbilete.

Kommunikasjon gjennom avatarar er ein ny måte å uttrykkje seg på, det er eit døme på ei ny digital kommunikasjonsform.

Ein teikneserieaktig gut med briller og høgt hår smiler lurt. Teikning.

Diskuter desse spørsmåla med personen du sit ved sida av:

  • På kva måte kan ein avatar uttrykkje ulike kjensler?
  • Kva tenkjer de om denne måten å kommunisere på?
  • Bruker de avatarar på sosiale medium? Kvifor / kvifor ikkje?
  • Kva konsekvensar kan denne kommunikasjonsforma få for samtalane våre? Trekk fram både positive og negative konsekvensar.

Oppgåve 3

Bygg ei digital utgåve av deg sjølv, og lag ein avatar som skal representere deg på sosiale medium.

Vel eit passande program som hjelper deg med å byggje ein avatar. Bruk eit program der du kan uttrykkje kjensler gjennom avataren. Les gjennom relaterte artiklar under:

Relatert innhald

Oppgåve 4

Kommuniser og uttrykk kjensler gjennom den digitale versjonen av deg sjølv:

A: Bruk avataren din i ulike innlegg på sosiale medium, som til dømes i stories på Snapchat eller til chatting og meldingar. Plasser avataren i ulike settingar, og uttrykk kjensler som glede, forelsking, tristheit, stoltheit, keisemd, likesæle og så vidare.

B: Reflekter rundt desse spørsmåla:

  • Korleis er det å kommunisere gjennom ein avatar som dette?
  • Kva type kjensler er det vanskeleg å fram gjennom ein avatar?
  • Kor godt kan ein avatar som dette representere deg som menneske?

C: Del refleksjonane dine med resten av klassen til slutt.

Oppgåve 5

A: Gå saman i grupper på tre til fem. Diskuter denne problemstillinga:

  • Ny medieteknologi og nye kommunikasjonsformer påverkar oss. Korleis kan utstrekt bruk av avatarar i kommunikasjon påverke individ og samfunnsutvikling? Kva moglegheiter og utfordringar skaper denne forma for kommunikasjon?

    Ta gjerne utgangspunkt i eigne erfaringar med avatarar.

B: Del argumenta med resten av klassen til slutt.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020

Læringsressursar

Medieutvikling og innovasjon