Hopp til innhald

Fagstoff

Fruktdessertar

Med frukt og bær på kjøkkenet har vi mange moglegheiter til å trylle fram gode dessertar.
Oppkutta jordbær, ulike typer melon i terningar og blåbær i ei skål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fruktsalat

Frukt skoren opp i bitar dannar ein fargerik og smakfull dessert. Vi kan servere frukta naturell eller marinere ho i ein sukkerlake. For meir smak kan vi koke sukkerlaken med ulike krydder, som til dømes vanilje, kanelstong eller stjerneanis.

Frukt som eple, banan og pærer oksiderer lett og blir derfor fort brune. Skal du bruke desse fruktene i salaten, er det derfor lurt å kutte denne frukta heilt til slutt og gjerne vende dei i litt saft frå ei sitrusfrukt som sitron, appelsin eller lime.

Vi kan gjerne servere fruktsalat med råkrem, vaniljesaus eller sabayonne.

Fruktgelé

Gelé av frukt og bær er enkelt å lage. Utgangspunktet er ei blank fruktsaft som blir stivna ved hjelp av gelatin. Mengda gelatin blir variert alt etter kor stiv du ønskjer at geléen skal vere.

Framgangsmåte for jordbærgelé

  • Legg gelatinplater i kaldt vatn. Vi nyttar vanlegvis éi gelatinplate per dl væske.
  • Kok opp jordbær, sukker, vatn og vanilje og la det trekkje i 10 minutt.
  • Sil forsiktig av jordbæra. Pass på at du ikkje klemmer for mykje slik at du får med mykje fruktkjøt, då blir ikkje geléen klar og fin.
  • Ta opp gelatinplatene, klem vatnet godt ut og smelt platene i den varme jordbærlaken.
  • Smak eventuelt til med sitron om det er naudsynt.
  • Hell geléen i ei form og set til avkjøling.

Klaring av gelé

Har du ei fruktsaft som har ein del fruktkjøt i seg, kan denne blir klara ved hjelp av eggekvitar.

  • Kok opp fruktsafta med sukker og vatn.
  • Pisk eggekvitane lett saman og tilset saftblandinga mens eggekvitane framleis blir piska.
  • Kok opp under lett pisking, og la massen trekkje i 15 minutt.
  • Sil blandinga gjennom eit klede eller silepapir.
  • Smelt oppbløtte gelatinplater i den varme væska.
  • Hell geléen i ei form og avkjøl.

Vær merksam på at ananas, kiwi, fiken, kokos og papaya inneheld eit enzym som bryt ned gelatinen. Lagar du gelé med bitar av nokre av desse fruktene, vil han ikkje stivne. Enzyma blir øydelagde ved koking, så ved å koke frukta først kan du få geléen til å stivne.

Video

I denne videoen blir det vist ulike tillagingsmetodar for dessertar laga av frukt og bær.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020

Læringsressursar

Kalde dessertar