Hopp til innhald

Fagstoff

Kompott

Kompott av frukt og bær er ein klassisk dessert med lange tradisjonar.
Jordbær- og rabarbrakompott i ein glasbolle. Ved sida står ei mugge med fløyte. Desserten står på eit bord utandørs, og bordet er òg pynta med blomster. Foto.

Ein kompott blir laga av frukt og bær som blir kokt saman med sukker. Forskjellen på kompott og graut er i hovudsak at i kompotten skal frukta/bæra vere mest mogleg heile, og vi nyttar mindre potetmjøl når vi jamnar fruktkrafta. Kompotten blir tradisjonelt servert med mjølk eller fløyte, men han kan òg nyttast som ein del av ein større dessertkomposisjon.

Framgangsmåte

  • Skrell eventuelt frukta før ho blir delt i passe stykke.
  • Kok fruktbitane forsiktig møre i vatn med sukker og smak.
  • Ta fruktbitane opp, og legg dei i ein serveringsbolle.
  • Smak til fruktsafta, og hell potetmjøljamning i ein tynn stråle i den kokande væska mens du rører varsamt. Gi blandinga eit raskt oppkok, og ta kjelen vekk frå plata. Hell sausen over fruktbitane.
  • Dryss litt sukker over så det ikkje kjem snerk.
  • Avkjøl kompotten før servering.

Video

I denne videoen viser vi deg korleis du kan lage sviskekompott.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2020

Læringsressursar

Kalde dessertar