Hopp til innhald

Fagstoff

Fromasj og mousse

Fromasj og mousse er enkle kremdessertar som kan varierast i smak og serveringmåte.
Sitronfromasj i dessertglas, servert med sitronskal og kjeks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fromasj


Fromasj har ein lett og kremaktig konsistens og kan varierast med ulike smakar. Fromasj består av egg, sukker, fløyte, gelatin og smaksstoff.

Framgangsmåte

  • Legg gelatinen i kaldt vatn.
  • Pisk kremfløyten nesten stiv.
  • Pisk egg og sukker til eggedosis.
  • Smelt gelatinen og tilsett smaksstoffet i han.
  • Når gelatinblandinga er litt varmare enn lunken, blir tilset du ho i eggedosisen medan du rører raskt.
  • Bland kremen forsiktig inn.
  • Fyll så i former, og avkjøl.

Mousse

Mousse liknar på fromasj, men han blir gjerne rekna som litt meir eksklusiv. Det blir nytta meir egg i mousse, og det blir nytta stivpiska eggekvite, noko som gjer at han blir luftigare enn fromasjen. Lagar ein mousse av andre råvarer enn sjokolade, blir det ofte nytta litt gelatin i tillegg.

Framgangsmåte

  • Smelt sjokoladen i vassbad.
  • Pisk kremfløyten lett.
  • Skil egga, og pisk eggekvitane stive med sukker til marengs.
  • Pisk eggeplommene lett saman, og bland sjokoladen i eggeplommene.
  • Vend deretter marengsen litt etter litt inn i sjokolademassen. Tilset kremen til slutt.
  • Fyll i former, og avkjøl.

Video

I denne videoen får du sjå framgangsmåten for å lage fromasj og mousse.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kalde dessertar