Hopp til innhald

Fagstoff

Osmoregulering hos dyr på land

Landlevande dyr taper kontinuerleg vatn til omgivnadene – ved fordamping og gjennom urin og avføring. Vasstapet blir erstatta gjennom mat og drikke, og ved at det blir danna vatn i celleandinga. Tilpassingar for å redusere vasstap er naudsynte for å overleve på land.
Dyr med stor snute og store øyre står i opninga til ei jordhole på ein savanne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kampen for å halde på vatnet

Den største utfordringa for osmoreguleringa hos dyr som lever på land, er å halde på vatnet. For oss menneske begynner det å bli kritisk allereie om vi mister 10 % av vatnet i kroppen, mens ein kamel kan handtere eit dobbelt så stort vasstap. Men for å overleve på land krevst det uansett tilpassingar som gjer at vi kan spare på vatnet. Det kan vere å

  • redusere vasstapet frå kroppsoverflata

  • lage urin med lite vatn

  • ha saltkjertlar for utskiljing av salt

Vasstap frå kroppsoverflata

Kalkskal og ytre skjelett

Ein snigel med hus kryp på eit strå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dyr med tynn og fuktig hud, til dømes og meitemark, har lite vern mot fordamping. Dei må derfor opphalde seg i fuktige habitat for å hindre uttørking. Mange sniglar har utvikla eit kalkskal som kan lukkast for å redusere vasstapet.

Mange insekt er svært godt tilpassa eit liv i tørre omgivnader. Dei har eit ytre hudskjelett (kutikula) med eit vokslag som dannar ein effektiv barriere mot vasstap. Likevel taper dei noko vatn ved fordamping, spesielt frå respirasjonsorgana.

Tjukk og tørr hud

Nærbilete av ein kumule med sveittedropar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I motsetnad til amfibium har krypdyr, fuglar og pattedyr ei tjukk og tørr hud som bidreg til å redusere vasstapet frå kroppsoverflata. Vasstapet vil likevel auke i varme og tørke omgivnader. dyr (fuglar og pattedyr) må sveitte for å avkjøle kroppen ved fysisk aktivitet og når det er varmt. Når vi sveittar, blir vatn skilt ut frå porer i huda. Kroppen kvittar seg med overskotsvarme ved å overføre energi til vatnet, slik at det fordampar.

Unngå varme

I varme og svært tørre område er ei mogleg tilpassing å unngå varmen. For å spare på vatnet i kroppen kan dyra om dagen opphalde seg i holer under bakken, der det er lågare temperatur og høgare luftfukt. Slik kan dei redusere mengda vatn som blir brukt for å halde kroppstemperaturen stabil.

Lage urin med lite vatn

Gule, raude og blå årer og kanalar innvovne i kvarandre. Illustrasjon.

Alle pattedyr har evne til å produsere ein urin der konsentrasjonen av salt er høgare enn i blodet. Denne evna blir bestemt av talet og lengda på dei tynnaste nefronkanalane, som dannar eit for å auke konsentrasjonen av salt i urinen.

Frampart hos ørkenrev. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ørkendyr har mange og lange nefronkanalar. Dei kan lage ein urin der konsentrasjonen av ion er 15–30 gonger høgare enn i . Derfor kan dei skilje ut overskotet av salt med eit minimalt forbruk av vatn. Dette er ei av årsakene til at slike dyr kan leve utan tilgang på fritt (ubunde) vatn, og for det meste klare seg med det vatnet som cellene dannar ved nedbryting av næringsstoff.

Til samanlikning kan menneske berre produsere ein urin der konsentrasjonen av salt er inntil fire gonger høgare enn i blodplasmaet.

Urinsyre som avfall

Fuglar og krypdyr har òg nyrer som gjer at dei kan lage konsentrert urin, men dei har mykje kortare nyrekanalar enn pattedyr. Derfor klarer dei ikkje å konsentrere urin i like stor grad. For å spare vatn har fuglane og krypdyra utvikla ei anna tilpassing: Dei skil ut avfall som urinsyre. Urinsyre er lite løyseleg i vatn, blir skilt ut som ein halvfast masse, og gjer at lite vatn går tapt.

Saltkjertlar for utskiljing av salt

 Albatrosshovud med påteikna saltkjertel i panna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fuglar har avgrensa evne til å konsentrere salt i urinen. Likevel kan unge albatrossar vere mange år på ope hav utan å vere i kontakt med ferskvatn. Dette er mogleg fordi alle sjøfuglar har saltkjertlar som er spesielt tilpassa utskiljing av salt. Desse er plasserte i skalletaket, og via eit kanalsystem blir væska med salt leidd ned til nasehola.

Tilsvarande saltkjertlar finn vi òg hos krypdyr som lever i saltvatn, til dømes havskjelpadder, havslangar, haviguanar og saltvasskrokodillar. Alle desse har saltkjertlane plasserte i hovudpartiet.

Samanlikning av osmoregulering hos nokre dyregrupper

 Tabell med ulike organismar som viser tilpassingar til ulike miljø. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Vatn speler ei viktig rolle i svært mange av funksjonane til kroppen, som opptak av næring, transport, fordøying og temperaturregulering.

CC BY-SASkrive av Jan Eivind Østnes og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2021

Læringsressursar

Utskiljing