Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – utskiljing

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet utskiljing.
Kvit stråle står ut frå bakenden til struts. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utskiljing

Utskiljing eller ekskresjon er utskiljing av avfallsstoff og framande stoff frå ein organisme.

Føremålet med utskiljing

  • fjerne nitrogenhaldige avfallsstoff frå stoffskiftet i cellene

  • fjerne framande stoff

  • bevare likevekt i det indre miljøet i kroppen ved å regulere

    • konsentrasjonen av løyste stoff

    • væskevolumet i kroppen

    • pH-verdien i kroppsvæska

Oppbygging av nyrer og urinvegar

Virveldyr har nyrer som ekskresjonsorgan. Dei er bygde opp slik:

 Tverrsnitt av nyre ved sida av torso der urinvegane er synlege. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik lagar nyrene urin

Urinen blir produsert i nefrona. Vi kan sjå på dette som ein tredelt prosess:

  1. Filtrasjon: Vatn og små molekyl blir filtrerte frå blodet.

  2. Reabsorpsjon: Nyttige stoff blir transporterte tilbake.

  3. Sekresjon: Store molekyl blir transporterte ut frå blodet.

Tverrsnitt av nyre som viser eit nefron i detalj. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Regulering av urin

Urinmengda blir regulert av hormonet ADH. Viss du drikk lite vatn, blir det skilt ut ADH, som gir beskjed om at vatn skal haldast tilbake i kroppen.

Oversikt over utskiljing hos virvellause dyr

Eincella dyr

  • Det skjer direkte transport gjennom cellemembranen.

  • Membranblærer transporterer stoff (eksocytose).

Virvellause dyr utan eigne ekskresjonsorgan

  • Protonefridium med flammeceller skaper væskestraum som syg ut avfallsstoff.

  • Metanefridium reabsorberer nyttige stoff før avfallet blir skilt ut gjennom porer på overflata til dyret.

Virvellause dyr med eigne ekskresjonsorgan

  • Malpighiske røyr som er i kontakt med tarmen, kan reabsorbere nyttige stoff og vatn, og lage konsentrert urin.

Nitrogenhaldige avfallsstoff

  • Nitrogenhaldige avfallsstoff som er giftige for kroppen, må skiljast ut.

  • Dyr skil ut avfall som ammoniakk, urea eller urinsyre.

Kjemiske strukturar for ammoniakk, urea og urinsyre teikna over ein laks, ei gaupe og ein lomvi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oversikt over osmoregulering hos nokre dyregrupper

Osmoregulering er prosessane som regulerer opptak og utskiljing av vatn og salt.

 Oversikt over osmoregulering hos nokre dyregrupper. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 13.09.2021

Læringsressursar

Utskiljing