Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver – utskiljing

I desse oppgåvene skal du jobbe med å sjå samanhengar mellom utforminga av ekskresjonsorgan, funksjonen til desse organa og det miljøet som dyra lever i. Du må òg reflektere over korleis dyr klarer å halde oppe vass- og ionebalansen i kroppen under ulike miljøforhold.
Gjennomskoren nyre, abbor og del av gjennomskoren meitemark. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utskiljing og ekskresjonsorgan

  1. Kvifor må dyr ha ekskresjonsorgan?

  2. Kva er dei viktigaste oppgåvene til ekskresjonsorgana?

  3. Kva ekskresjonsorgan har virveldyr? Korleis er desse bygde opp?

  4. Kva er eit nefron, og kva er funksjonen til nefrona?

  5. Ved utskiljing av stoff via nyrene går det som skal bli urin, gjennom prosessane filtrasjon, reabsorpsjon og sekresjon. Kva skjer i kvar av desse prosessane?

  6. Enkelte dyr har ikkje spesialiserte ekskresjonsorgan. Korleis kvittar desse dyra seg med avfallsstoff?

  7. Lag ei oversikt over ulike strategiar for utskiljing hos virvellause dyr. Kommenter likskapar og forskjellar.

Osmoregulering

  1. Kva skjer med cellene til eit dyr dersom konsentrasjonen av løyste stoff er høgare inne i cellene enn i vevsvæska som omgir dei?

  2. Forklar kvifor det er stor forskjell på lengda til nyrekanalane hos ulike artar av pattedyr.

  3. Kvifor må marine beinfiskar drikke sjøvatn?

  4. Bruskfiskar (haiar og skater) akkumulerer store mengder urea i kroppsvæska. Kva er dette ei tilpassing til?

  5. Kva er hovudproblemet for ferskvassdyr når det gjeld transport av salt (ion)? Korleis løyser dei dette problemet?

  6. Korleis kan landlevande dyr avgrense vasstapet sitt til omgivnadene?

  7. Sjøvatn har eit saltinnhald på cirka 3,5 prosent. Kvalar kan drikke sjøvatn, mens sjøvatnet vil verke som eit giftstoff for menneske. Kva er forklaringa?

  8. Kva er årsaka til at fisk, amfibium og krypdyr ikkje kan produsere urin der konsentrasjonen av løyste stoff er høgare enn i vevsvæska?

  9. Marine fuglar og krypdyr kan kvitte seg med overskotet av salt (ion) sjølv om dei har lita evne til å konsentrere salt i urinen. Korleis gjer dei dette?

  10. Kvifor er ingen ferskvassdyr isoosmotiske i forhold til omgivnadene sine?

  11. Transport av salt frå omgivnadene og til innsida av ferskvassfisk krev energi. Forklar kvifor.

  12. Nitrogenhaldige avfallsstoff:

    1. Kvifor må alle dyr skilje ut nitrogenhaldige avfallsstoff?

    2. Hos dyr finn vi tre hovudtypar av nitrogenhaldige avfallsstoff: ammoniakk, urea og urinsyre.
      Kva er hovudårsakene til at ulike dyr har ulike typar nitrogenhaldige avfallsstoff?

    3. Nemn eigenskapar ved dei ulike ekskresjonsprodukta som gjer dei meir eller mindre eigna i eit miljø.

CC BY-SASkrive av Jan Eivind Østnes og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2021

Læringsressursar

Utskiljing