Hopp til innhald

Fagstoff

Utskiljing – avfall og likevekt

Alle dyr har behov for å skilje ut nitrogenholdige avfallsstoff, vatn og andre restprodukt frå stoffskiftet i cellene. Utskiljinga gjer det mogleg å bevare eit stabilt indre miljø.
Flokk med pingvinar. Ein av pingvinane sender ut ein stråle med ei kvit væske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utskiljing av nitrogenhaldige stoff

Alle dyr må ta til seg næring. I kroppen din (og i kroppane til andre ) blir næringsstoffa brotne ned på veg gjennom fordøyingskanalen. Prosessen blir kalla stoffskifte (metabolisme) og gir stoff som vi bruker som energikjelde og til vekst og vedlikehald av kroppen.

Når aminosyrer blir brotne ned, blir det danna avfallsstoff som inneheld nitrogen. Desse er giftige og må fjernast ved utskiljing eller ekskresjon. Hos virveldyr blir stoffa skilde ut ved hjelp av eigne ekskresjonsorgan (nyrer og urinvegar). som svampar, maneter og sjøstjerner har ikkje eigne ekskresjonsorgan. Dei kvittar seg med nitrogensambindingar direkte gjennom kroppsoverflata.

Oversikt over ulike prosessar i stoffskiftet i kroppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utskiljing av andre stoff

I løpet av stoffskiftet blir det òg danna andre avfallsprodukt som må fjernast, til dømes overflødige ion og hormon. Mat vi ikkje klarer å fordøye, går ut gjennom endetarmen. Karbondioksid frå celleandinga pustar vi ut ved hjelp av respirasjonsorgana. Når vi sveittar, blir det skilt ut vatn gjennom kjertlar i huda. Vatnet bruker varme frå huda til å fordampe, og det å sveitte bidreg til å regulere temperaturen i kroppen. Vi må òg skilje ut stoff som er framande for kroppen, til dømes stoff som finst i medisinar. Plantar skil òg ut stoff, mellom anna oksygen frå fotosyntesen og karbondioksid frå celleandinga.

Utskiljing gir likevekt i det indre miljøet

Alle menneske og dyr utvekslar stoff med det ytre miljøet dei lever i. Eit konstant indre miljø krev ein balanse mellom den mengda stoff som ein organisme tek opp frå omgivnadene, og den mengda stoff som organismen skil ut. Utskiljing bidreg til denne likevekta (homeostase) i eit samspel med andre prosessar i kroppen.

Mørk kvinne i singlet og grøn shorts tøyer ut. Grøn pil viser at næringsstoff, mineral, vatn og oksygen går inn i kroppen, mens sveitte, karbondioksid, urin, avføring og varme går ut av kroppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Væska rundt cellene må ha stabil konsentrasjon av stoff

Vi har fleire mekanismar som bidreg til å halde miljøet stabilt, men det er først og fremst nyrene som regulerer mengda oppløyste stoff og dermed vassinnhaldet i kroppen. Nyrene gjer det altså mogleg for oss å overleve sjølv om tilgangen på vatn og ulike salt endrar seg.

Nærbilete av menneskehud med hår, porer og sveitte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kroppen hos fleircella dyr består av mange celler som er omgitte av væske. Dersom cellene skal fungere, må væska som omgir dei, ha ei stabil samansetjing av oppløyste stoff (som protein og ion). Med andre ord må osmolariteten vere stabil.

Alle endringar i konsentrasjonen av løyste stoff i væska vil føre til at vatn blir transportert gjennom cellemembranane. Denne transporten skjer utan bruk av energi og blir kalla osmose. Cellene vil då anten ta opp vatn og svelle, eller miste vatn og skrumpe. Dette kan føre til at cellene døyr.

Tre begerglas med ei blodcelle som har høvesvis oppsvulma, innskrumpa og normal form. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyrene regulerer pH-verdien i kroppen

Nyrene bidreg til å halde pH-verdien stabil i væskene inni og utanfor cellene. Dette skjer ved at urin utvekslar mellom anna hydrogenion (H+) med blodet. Viss pH-verdien i blodet blir for låg, bidreg nyrene til at det blir skilt ut fleire H+-ion med urinen. Då blir det færre H+-ion igjen i kroppen (pH-verdien stig) og dermed eit mindre surt miljø i kroppen. I tillegg til nyrene bidreg òg lungene til å regulere pH-verdien i kroppen.

Osmolaritet er mengda oppløyst stoff i ei løysning.

Osmose er prosessen der vassmolekyl beveger seg gjennom ein membran, til dømes ein cellemembran. Dette skjer utan at det blir brukt energi.


Formålet med ekskresjon

Ekskresjon er ein livsnaudsynt prosess for alle dyr. Formålet er å

  • fjerne nitrogenhaldige avfallsstoff frå stoffskiftet i cellene

  • fjerne framande stoff

  • bevare likevekt i det indre miljøet i kroppen ved å regulere

    • konsentrasjonen av løyste stoff

    • væskevolumet i kroppen

    • pH-verdien i kroppsvæska

Relatert innhald

Passiv transport av vatn blir kalla osmose. Osmose sørgjer for at cellene kan regulere vassbalansen utan at det krevst bruk av energi.

CC BY-SASkrive av Jan Eivind Østnes og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2021

Læringsressursar

Utskiljing