Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser urinprøvar og still rett diagnose

Kva farge, lukt og konsistens urinen din har, kan seie noko om helsa di. Urinprøvar blir derfor brukte til å stille ulike diagnosar. I denne aktiviteten skal du undersøke urinprøvar og stille rett diagnose til pasienten. Lykke til!
Ei hand held fram ein urinstix frå ein urinprøve. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsteori

Normal urin er lys, klar, lite konsentrert og har svakt lukt. Endringar i farge, lukt og konsistens kan gi ein indikasjon om ulike tilstandar som dehydrering, graviditet og plager i nyrene eller urinvegane. Ein urinprøve kan derfor vere nyttig i mange samanhengar.

Urinprøve og urinstix

Vi kan få nyttig informasjon om helsetilstanden berre ved å observere endringar i kva lukt, farge og konsistens urinen har. For å kunne stille ein sikrare diagnose blir det gjerne gjennomført ei kjemisk undersøking av urinen. Då dyppar vi ein papirstrimmel som er tilsett kjemiske stoff, urinstix, ned i urinen. Viss det til dømes er bakteriar, blod eller sukker i urinen, vil strimmelen skifte farge.

Førebuingar til læraren

Tillaging av urinprøvar (A–D).

Utstyr:

  • te som gir gulbrun farge

  • glukose

  • eggekvite

  • begerglas

  • urinprøveglas (kan kjøpast på apoteket)

Framgangsmåte:

  1. Brygg te som gir ein gulbrun farge. Bruk dette som grunnurin. Fordel grunnurinen i fire begerglas. Dette dannar utgangspunktet for dei fire urinprøvene A–D.

  2. La teposen bli ståande i det eine begerglaset. Grunnurinen i dette begerglaset vil få ein mørkare farge enn dei andre. Hell litt av urinen over i prøveglas B – pasient som er dehydrert.

  3. Tilset glukose til eit av dei andre begerglasa. Fordel urinprøven over i prøveglas C – pasient med diabetes type 1.

  4. Tilsett eggekvite til eit av dei andre begerglasa. Her kan det vere behov for å bruke filtrerpapir dersom det klumpar seg. Hell urinprøven over i prøveglas D – pasient med nyresjukdom.

  5. Det siste begerglaset inneheld berre grunnurin. Fordel denne over i prøveglas A – kontroll, frisk pasient.

Tips!

Aktiviteten kan utvidast med fleire og meir komplekse urinprøvar ved å justere fleire fargenyansar eller tilsetje blod.

Oppgåve

I denne oppgåva skal du undersøke urinprøvar frå ulike pasientar og finne fram til rett diagnose.

Del 1: Analyser urinprøvane

  1. Du har fått delt ut fire urinprøvar frå ulike pasientar A–D. Start med å gjere observasjonar av farge og konsistens. Bruk skjemaet nedanfor, eller eit liknande skjema, for å sortere resultata undervegs.

    Skjema for registrering av resultat

    Prøve A

    Prøve B

    Prøve C

    Prøve D

    Farge
    Konsistens
    Resultat av urinstix
    Diagnose
    Grunngiving for diagnose
    Fagleg forklaring for diagnose
  2. For å kunne stille ein meir sikker diagnose må du gjennomføre ein urinstix for kvar prøve A–D. Ta ut éin teststrimmel og skru lokket på igjen.

  3. Start med urinprøve A. Dypp ein papirstrimmel ned i urinprøven. Legg teststrimmelen på eit tørkepapir i eitt minutt. Les av teststrimmelen ved å samanlikne mot fargeskalaen som høyrer til teststrimlane.

  4. Fyll inn resultata dine i tabellen.

  5. Gjennomfør same prosedyre for dei andre urinprøvane B–D.

Del 2: Undersøk moglege diagnosar

  1. Kva er det som gjer urin veleigna til å stille diagnosar?

  2. Finn ut kva sjukdommar som kan påvisast ved analyse av urinprøvar.

  3. Studer resultata frå analysen du har gjennomført. Kva diagnosar kan vere aktuelle for dei ulike pasientane?

  4. Urin inneheld vanlegvis ingen av dei stoffa du fekk utslag på då du testa med urinstix. Forklar kvifor dei ulike diagnosane fører til utskiljing av ulike stoff i urinen.

  5. Er det nokon kontrollprøve i dette forsøket?

Del 3: Møt pasientane og still rett diagnose

Det kan vere vanskeleg å stille ein diagnose berre basert på slike analysar som du har gjennomført no. I møte med pasientane vil du få innblikk i pasientane sine eigne forklaringar av ulike symptom. Dette kan gi nyttig informasjon som kan stadfeste eller avkrefte dei moglege diagnosane du har komme fram til.

CC BY-SASkrive av Wenche Heir, Guro Øistensen Jørgensen og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Utskiljing