Hopp til innhald

Fagstoff

Nyrer og urinvegar

Nyrene reinsar blodet ved først å fjerne både nyttige og unyttige stoff, og deretter føre tilbake dei stoffa kroppen har bruk for. Reinsinga kan delast inn i tre trinn: filtrasjon, reabsorpsjon og sekresjon.

Oppbygginga av nyrene

Urin blir danna i nyrene og blir leidd ut av kroppen gjennom urinvegane. Dei to nyrene våre ligg på kvar si side av ryggsøyla. Ytst består nyrene av nyrebork som omgir den indre nyremergen. Nyremergen inneheld pyramideforma strukturar som blir kalla pyramidar. Kvar pyramide er brei ut mot borken, mens spissen endar nedst i mergen, der han leier urinen ned i nyrebekkenet.

Tverrsnitt av nyre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pyramidane består av nefron

Pyramidane består av ei samling urinproduserande einingar som blir kalla nefron. I kvar nyre er det cirka 1 million av desse nefrona.
Nefrona består av eit kapillarnøste, ein kapsel og ein nyrekanal. Kapillarnøstet består av små blodårer. Desse er omgitte av ein kapsel som blir kalla Bowmans kapsel. Kapselen går over i ein nyrekanal som startar i nyreborken og dannar ei sløyfe djupt ned i nyremergen (Henles sløyfe) og opp til nyreborken igjen.

Dei ulike områda i kanalen har ulike funksjonar. Nyrekanalen er omgitt av blodårer som fraktar filtrert blod frå nyrene. Fleire nyrekanalar munnar ut i eit samlerøyr som leier urinen ut i nyrebekkenet.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik lagar nyrene urin

Urin blir produsert i nefrona. Vi kan sjå på dette som ein tredelt prosess:

  1. Filtrasjon: Vatn og små molekyl blir filtrerte frå blodet.

  2. Reabsorpsjon: Nyttige stoff blir transporterte tilbake.

  3. Sekresjon: Store molekyl blir transporterte ut frå blodet.

Trinn 1. Filtrasjon – vatn og små molekyl blir filtrerte frå blodet

Filtreringa skjer i kapillarnøstet og Bowmans kapsel. Blod blir tilført frå tynne blodårer (), og innhaldet i blodet blir pressa over i nyrekanalen ved hjelp av blodtrykket, som er høgare i nyrene enn i andre organ. Vatn og små molekyl passerer over i nyrekanalen, mens blodceller og store protein blir haldne tilbake i kapillarnøstet. Den filtrerte væska er det som skal bli den ferdige urinen, og ho blir derfor kalla preurin (pre betyr før) eller filtrat. I løpet av eit døgn har nyrene danna omtrent 180 liter preurin. Av dette produserer kroppen cirka 1,5 liter ferdig urin i døgnet. Preurinen inneheld både unyttige og nyttige stoff.

Raude årer og piler i sirkulær struktur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trinn 2. Reabsorpsjon – nyttige stoff blir transporterte tilbake

Blodet som forlèt kapillarnøstet via den fråførande arteriolen, inneheld hovudsakleg store protein og blodceller. Når blodet så blir transportert langs den første delen av nyrekanalen, blir 80 prosent av dei filtrerte stoffa aktivt eller passivt førte tilbake til blodet. Dette er stoff som glukose, aminosyrer, vatn, ion, vitamin og . Urea er eit avfallsstoff som kroppen ønskjer å kvitte seg med, men på grunn av eigenskapane til stoffet 50 prosent tilbake til blodet.

Blodet beveger seg vidare i blodårene langs Henles sløyfe. Her blir det transportert store mengder vatn tilbake til blodet. I den delen som går oppover, blir Na+-ion og Cl--ion pumpa aktivt ut av filtratet og over i vevsvæska som omgir sløyfa. Det medfører at vatn via osmose blir trekt ut av den delen som går nedover. Det er berre i denne delen at sløyfa er gjennomtrengjeleg for vatn.

Tverrsnitt av nyre som viser eit nefron i detalj. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trinn 3. Sekresjon – store molekyl blir transporterte ut frå blodet

Blodet er bortimot ferdig reinsa når det passerer den siste delen av nyrekanalen. Store molekyl som feittløyselege hormon, legemiddel og tilsetjingsstoff frå mat vil likevel ikkje bli filtrerte ut av blodet i kapillarnøstet. Dei kan transporterast aktivt ut frå blodet og inn i filtratet i siste del av nyrekanalen. Denne reinsinga blir kalla sekresjon.

To oransje, loddrette rader ved sida av to raude, loddrette rader. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Urinvegane leier urinen ut

 Utsnitt av kvinnekropp viser oppbygging av urinvegane med urinbekken, urinleiarar, urinblære og urinrøyr. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Urinvegane består av

  • nyrebekken

  • urinleiarar

  • urinblære

  • urinrøyr

Frå nyrebekkenet blir urinen leidd gjennom urinleiarane til urinblæra. Urinen blir tømd ut frå urinblæra og forlèt kroppen gjennom urinrøyret ved behov.

Nyrene filtrerer mykje blod på kort tid

I løpet av ein time har 72 liter blod blitt filtrert gjennom nyrene. Blodet har då fått den ønskte samansetninga av vatn og ulike sambindingar og dessutan rett pH. Dermed bevarer kroppen likevekta. I tillegg er avfallsstoff reinsa vekk frå blodet og skilde ut med urinen.

CC BY-SASkrive av Tone Pedersen Rangul, Kristin Bøhle og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2021

Læringsressursar

Utskiljing