Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Synfaringsrunde

I denne oppgåva skal du gå på synfaring på eit handlesenter i nærleiken av skulen eller der du bur. Å gå synfaringsrundar med senterleiinga og andre instansar er ein viktig jobb. Berre på denne måten kan du unngå og førebygge uønskte hendingar.
Fasaden til eit kjøpesenter. Ein heil vegg er fylt med logoar til ulike butikkar. Over inngangen står det Oslo City. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Observer

  1. Gå saman to og to. Tre inn i rolla som vektarar på handlesenteret.
  2. Sjå etter informasjonen og utstyret som er lista opp i skjemaet nedanfor. Noter i skjemaet kvar de finn det, og kryss av for om det er synleg, og om det ikkje er tilgjengeleg.

Skjema for synfaringsrunde

Kva?

Kvar?

Synleg

Ikkje tilgjengeleg

Oversiktskart over senteret

Oversikt over naudutgangar

Naud-/branninstruks

Merkte naudutgangar

Førstehjelpsutstyr og informasjon om kvar det finst

Hjartestartar og informasjon om kvar han finst

Sløkkeutstyr og informasjon om kvar det finst

Finn ut

  1. Finn éin eller to naudutgangar og sjå på området rundt.

    1. Er området merkt?
    2. Er det skilta?
    3. Er det hindringar framfor dørene?
  2. Er ein naud-/branninstruks tilgjengeleg for publikum?
    1. Finst det eit merkt samlingspunkt?
  3. Sjå etter brannutstyret som er lista opp nedanfor. Kva av dette utstyret finn de, og i så fall kvar?
    1. sprinklar i taket
    2. alarmar
    3. sløkkeutstyr
  4. Skriv ei tilbakemelding til senterleiinga om eventuelle forbetringspunkt og manglar.

Ver ein vektar på jobb

Vektarar og tryggingspersonell gjer synfaringar, anten i starten av eit oppdrag eller undervegs i oppdraget, for å sørge for sikkerheita, evaluere eksisterande tryggingstiltak og sjå etter potensielle forbetringar.

  1. Gå saman to og to. Tre inn i rolla som vektarar som akkurat har fått i oppdrag å evaluere tryggingstiltaka ved handlesenteret. De skal spesielt sjå etter forbetringspunkt.
  2. For å gjere ei god evaluering må de først sjå etter alt som fungerer bra. Noter ned det, og gå så vidare med forbetringspunkta.
  3. Dokumenter alle funna dykkar. Alt kan vere viktig når de skal evaluere tiltaka.
  4. Når de er tilbake, reinskriv notata dykkar og diskuter funna dykkar i klassa.
  5. Er det store forbetringspotensial, kan de saman summere opp desse og sende oppsummeringa til senterleiinga.
CC BY-SASkrive av Anki Olsen og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2020

Læringsressursar

Beredskapsplanar