Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skrivebordsøving i beredskap

Ein vanleg framgangsmåte i tryggingsselskap og beredskapsorganisasjonar er å øve på tenkte hendingar ved skrivebordet. Då kan vi sjå for oss ulike hendingsforløp vi kan ta utgangspunkt i når vi skal lage ein beredskapsplan. Det kan minne om å fortelje ei historie eller lage manus til ein kort film.
Dominobrikker på rekkje. Dei seks første brikkene har falle. Bak den sjette brikka kjem ei hand inn og sperrar, slik at resten av brikkene i rekkja blir ståande. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn og førebuingar

No skal de få prøve dykk på denne skrivebordsøvinga sjølve. Gå saman i grupper på 2–8 personar og tenk dykk at de utgjer krisestaben i ein beredskapsorganisasjon. Det er ein fordel å vere fleire, for då kan de få fleire innspel til korleis situasjonen de tek utgangspunkt i, utviklar seg. Det løner seg å føre ein detaljert logg undervegs.

Tenk på:

  • Ein har kanskje ikkje tid til å leite etter ein tiltaksplan i ei krise. Tiltaka de føreslår, må vere enkle nok til at det er mogleg å øve på dei og hugse dei.
  • De skal lage ein lysbiletepresentasjon av eit hendingsforløp. Kvart lysbilete bør illustrere ei vending i forløpet. Det treng ikkje å bli til ein actionfilm, men kvart bilete skal bidra til noko nytt.


Vel éin av desse artiklane som utgangspunkt for øvinga:

Grunnprinsipper for IKT-sikkerhet hos nsm.no

Tenker på terror – ikke blindtarmbetennelse - aktuellsikkerhet.no

Oppgåve

  1. Set saman eit hendingsforløp ut frå artikkelen de valde. Her skal de sjå for dykk korleis situasjonen kan utvikle seg steg for steg.
  2. Føreslå tiltak for å forhindre at det går gale. Spør: Korleis kan vi vere føre var? Korleis bør vi agere (handle) når situasjonen først har oppstått?
  3. Lag ein presentasjon som illustrerer hendingsforløpet. Bruk tekst og bilete saman, og lag eitt lysbilete per hending.
  4. Avslutt presentasjonen med ei liste over tryggingstiltaka de føreslår.

Tips: Presentasjonsprogrammet Prezi eignar seg godt til denne typen historieforteljing, men de står fritt til å velje det presentasjonsprogrammet de føretrekkjer sjølve.

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2020

Læringsressursar

Beredskapsplanar