Hopp til innhald

Fagstoff

Beredskapsorganisasjonen

Korleis skal vi sørgje for tryggleik og god beredskap i verksemda vår? Korleis skal vi organisere tryggleiks- og beredskapsarbeidet? Kven har ansvaret?
Brann i ein bygård. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tryggleik og beredskap i hotell

I ei bedrift som eit hotell er det naturleg å ha ein tryggleiksorganisasjon. Ein tryggleiksorganisasjon bør bestå av nøkkelpersonell frå bedrifta. Dei arbeider kontinuerleg med

  • førebyggjande tryggleiksarbeid
  • utarbeiding av beredskapsplanar og beredskapsorganisasjon
  • øvingar og opplæring

Dei har i oppgåve å overvake og bidra til at verksemda blir driven i samsvar med lovkrav, forsikringskrav, kundekrav, leverandørkrav og eigne krav.

Det er tryggleiksorganisasjonen som byggjer opp beredskapsorganisasjonen. Ofte er mange av nøkkelpersonane med i begge organisasjonane. For å synleggjere samanhengen vil vi her vise forskjellen på organisasjonane.

Tryggleiksorganisasjon

Ein tryggleiksorganisasjon kan vere sett saman av desse nøkkelpersonane (hugs at éin person i ei mindre bedrift kan ha fleire av nøkkelposisjonane):

Sikkerhetsleder
Opne bilete i eit nytt vindauge

Beredskapsorganisasjon

Beredskapsorganisasjonen i eit hotell kan sjå slik ut:

Beredskapsleder
Opne bilete i eit nytt vindauge

I forslaget til beredskapsorganisasjon viser vi eit døme på operativt team for brann. Vidare er det sett av plass til operative team for ran og akutt sjukdom. Ein kan halde fram med fleire typar team med tanke på uønskte hendingar. Mange av dei same menneska vil vere gjengangarar i ulike team.

Beinbrot hos ein person krev ein annan type innsats enn innsatsen ved branntilløp på kjøkkenet under ein julebordsmiddag for 200 gjester. Derfor er ulike team knytte til beredskapsplanar/instruksar.

Korleis ein formar beredskapsorganisasjonen, er avhengig av mange element, til dømes

  • talet på tilsette
  • aktivitetane ein har på eigedommen
  • bygningsmassen
  • naboverksemder
  • kva for uønskte hendingar ein må ha beredskap for
  • utrykkingstid for nødetatane

Kven har ansvaret?

Same korleis tryggleiksorganisasjonen og beredskapsorganisasjonen blir utforma, må dei baserast på risikobiletet. Det er eit leiaransvar. Ein kan delegere arbeidsoppgåver, men alt tryggleiksarbeidet må forankrast i leiinga og ned i organisasjonen. Ansvar er ikkje noko ein kan delegere.

OPPGÅVER

1. Kva for krav må ein tilfredsstille når ein driv ei bedrift? Sjå svar

Lovkrav, forsikringskrav, eigne krav, leverandørkrav, kundekrav.

2. Kan ein delegere ansvar? Sjå svar

Nei.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Beredskapsplanar