Hopp til innhald

Fagstoff

Instruksar i beredskapsplanar

Her skal vi sjå på kva dei ulike instruksane i beredskapsplanane for eit hotell kan innehalde
Ambulansjesjåfører. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Instruks resepsjon

Instruksen for resepsjonen dersom det oppstår brann, kan innehalde desse punkta:

  1. Kven som skal (dersom ein skal) rykkje ut til den utløyste detektoren og eventuelt setje i gang sløkkjeinnsats.
  2. Utskriving av gjestelister.
  3. Varsling av brannvesenet.
  4. Fordeling av oppgåver under evakuering. Det kan gjerast ved å hente fram refleksvestar med ferdige instruksar med teikningar. Då kan dei tilsette som kjem til resepsjonen, ta vestar som ligg framme, og utføre det som står på instruksen som er festa på vesten.
  5. Døme på spesielle oppgåver:
  • hjelpe til med evakuering av personar som treng assistanse ved evakueringa
  • ha ansvar for samlingsplassen
  • dirigere trafikken
  • ta hand om skadde
  • rettleie gjester til samlingsplassen
  • forhindre at personar går inn i hotellet under evakueringa
  • varsle beredskapshotell, hotelldirektør eller visedirektør, vaktselskap for bistand (dersom det finst ein avtale om det), HMT-ansvarleg, presseansvarleg, eventuelt intern nødtelefon som igjen varslar dei andre på lista

6. Kven som er kontaktperson for nødetatane på skadestaden.

OBS! Punkta i denne planen er eit døme og ingen fullstendig plan. Rekkjefølgja vil òg vere situasjonsbestemt.

Instruks reinhaldarar (housekeeping)

Instruksen for reinhaldspersonalet om korleis dei skal opptre dersom brannalarmen blir utløyst eller det oppstår brann, kan innehalde informasjon om:

Ved brannalarm: plassering av reingjeringsvogner, rettleiing av gjester, eiga evakuering, fleire oppgåver for resepsjonen.

Ved brann: redde, varsle og rettleie gjester, sløkkjeinnsats, eiga evakuering, hjelpe resepsjonen med oppgåver.

Kan reinhaldarane ha ein instruks festa på reingjeringsvogna? Hotell har ofte tilsette frå fleire nasjonar, med ulike språk. Korleis kan den utfordringa løysast?

Instruks kjøkken

Kjøkkenpersonalet er på hotellet berre til bestemte tider, men dei er ein viktig del av beredskapen i den tida dei er på jobb. Ser vi på statistikkar over brannårsaker, vil vi sjå at det er mange moglege brannårsaker på eit restaurantkjøkken og i restaurantlokalet.

Ved brannalarm: handtere omnar, komfyrar og levande lys, rettleie gjester, eiga evakuering, aktuelle oppgåver for resepsjonen.

Ved brann: handtere omnar, komfyrar og levande lys, vurdere sløkkjeinnsats, redde, varsle, rettleie gjester, eiga evakuering, aktuelle oppgåver for resepsjonen.

Instruks anna personale

Ved brannalarm: rettleie gjester, eiga evakuering, oppgåver for resepsjonen.

Ved brann: redde, varsle, vurdere sløkkjeinnsats, rettleie gjester, eiga evakuering, oppgåver for resepsjonen.

Beredskapshotell

Dersom hotellgjestene må evakuerast for lengre tid, må det vere ein beredskapsplan for kvar og korleis dei skal overnatte og takast hand om. Det er ein fordel å ha ein beredskapsavtale med eit anna hotell og ein plan for transport til beredskapshotellet.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Beredskapsplanar