I denne oppgåva skal vi gå nærare inn på sårbarheitsanalyse, Helsedirektoratets råd for pandemiplanlegging og lovverk. Kva er grunnlaget for analysane, kva kjelder er pålitelege, og kvifor er det så viktig å planleggje for ekstreme hendingar?
I analysane sine av krisescenario frå 2019 vurderte Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) pandemi i Noreg som ei hending med høgt sannsyn for å inntreffe innan 100 år. Allereie året etter sto verda i ein global pandemi.
Oppgåve
- Opne dei vedlagde ressursane til oppgåva.
- Last ned den vedlagde Powerpoint-malen, og hugs å aktivere redigering. Svar på spørsmåla og bruk dine eigne ord for å forklare – men hugs fagomgrep. Dei fleste svara finn du i dokumenta, men du bør òg besøkje nettsidene til Helsedirektoratet og DSB. Hugs å vise til kjelder eller kreditere for bruk av illustrasjonar.
Ressursar til oppgåva
Ressurs 1
DSBs analysar av krisescenario frå 2019
I oppgåva skal vi fokusere på kapittel 5.1, «Pandemi i Norge» (side 68).
Ressurs 2
Ressurs 3
Rapporten frå Koronakommisjonen om pandemihandteringa i samband med Covid-19. Bruk rapporten som heiter "Kommisjonens hovedbudskap".
Filer
CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2020