Hopp til innhald

Fagstoff

Grunnlag for beredskapsplanar

Beredskap reduserer konsekvensane av uønskte hendingar. For å finne ut kva vi treng beredskapsplanar for, vurderer vi risikoen for ulike uønskte hendingar.
Brann i ein bygård. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Risikovurdering

Beredskapsplanar bør forankrast i risikovurderingar. Ei risikovurdering avdekkjer kva ein bør utarbeide beredskapsplanar for.

Beredskapsplanar er ofte forankra i lovverk og forskrifter, eigne krav, leverandørkrav og forsikringskrav, ofte med tilvisingar til risikovurderingar som grunnlag.

Mer om risikovurdering hos Arbeidstilsynet

Det er sjeldan nokon nytte i å lage beredskapsplanar for uønskte hendingar der risikoen er svært låg. Er derimot risikoen høgare og ein har gjennomført alle førebyggjande tiltak som er innanfor forsvarlege økonomiske rammer (kost–nytte), må ein vurdere å utarbeide beredskapsplanar. Beredskapsplanane må då innførast i organisasjonen, og ein må øve på dei. Slik tek ein vare på tryggleiken på best mogleg måte.

Beredskap reduserer konsekvensane av uønskte hendingar. Det dekkjer det vi definerer som restrisiko. Restrisiko er den risikoen som er att etter at vi har dimensjonert og innført tryggingstiltak.

Tenk på at tiltaka skal stå i stil med risikoen. Det vil seie at vi ikkje treng å utarbeide planar som er meir omfattande praktisk og økonomisk enn nødvendig.

Beredskap i hotell

Hotell er ofte komplekse bygningar, med mange ulike typar rom og aktivitetar: gjesterom, restaurantar, spa-avdelingar, treningsrom, kjøkken, tekniske rom, resepsjonar, kontor og så vidare. Det er derfor lett å finne døme på uønskte hendingar som vi må lage beredskapsplanar for. Vi vil bruke hotell som døme her.

Kva slags uønskte hendingar kan oppstå på eit hotell?

Tryggleikshandbøkene til hotella er ofte baserte på erfaringar, risikovurderingar og beste praksis – kva ein har erfart er den beste løysinga.

Døme på uønskte hendingar som hotell har beredskapsplanar for (rekkjefølgja er tilfeldig):

  • brann
  • ran
  • dødsfall hos gjester
  • vald
  • truslar
  • svindel
  • tjuveri
  • bombetrussel
  • ulykker/førstehjelp
  • gasslekkasjar

Her skal vi sjå spesielt på beredskapsplanar for brann og ran.Når ein utviklar beredskapsplanar i store bedrifter og ved arrangement, bør ein alltid ha med brann som ei hending ein lagar planar for. Sjølv om det er lite sannsynleg at det blir brann, er konsekvensane ofte så store og dramatiske at ein må ha gjort ei risikovurdering for det. Ran er ei anna alvorleg uønskt hending som kan ha store konsekvensar for dei som blir ramma.

Utstyr og hjelpemiddel

For beredskapsarbeid finst det mange hjelpemiddel, til dømes førstehjelpskoffertar, hjartestartarar, koffertar med utstyr for sikring av skadestad, signalementsskjema, bombetrusselskjema, meldeskjema, lommelykter, verneklede og sambandsutstyr. Behovet varierer svært mykje frå verksemd til verksemd og er avhengig av risikovurderingar. Vi kjem derfor ikkje til å gå nærare inn på utstyr og hjelpemiddel her.

OPPGÅVER

1. Kva bør i tillegg til lovkrav og forsikringskrav vere grunnlaget for beredskapsplanar og alle tryggleiksdokument? Sjå svar

Risikovurderingar.

2. Kva er «beste praksis»? Sjå svar

Erfaringsbaserte løysingar. Ein har gjennom eigne og andres erfaringar funne det som er den beste løysinga. I offisielle dokument blir det kalla preaksepterte løysingar, det vil seie godkjende løysingar som er prøvde ut tidlegare.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Beredskapsplanar