Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er eit videoessay?

I videoessayet kan du leike med verkemiddel og ta med sjåaren på ei tankereise der tankane vandrar hit og dit.
To personar filmar seg sjølve med ein mobiltelefon som dei held på stativ. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du skrive essay i norskfaget, kjenner du allereie sjangeren.

Videoessayet stammar frå det skriftlege essayet og tilhøyrer kategorien sakprosa. Styrken til eit videoessay er at du bruker og utnyttar både det auditive og det visuelle i formidlinga.

Lydar, bilete, filmklipp og grafiske element blir miksa saman og illustrerer og eksemplifiserer det du vil seie noko om.

Fortel, reflekter og gi fakta

I videoessayet vekslar du mellom å fortelje og informere om og reflektere over eit gitt tema. Du må vise at du har kunnskap om emnet. Temaet kan vere kvardagsleg, moralsk, filosofisk eller vitskapleg.

Lagar du eit videoessay om korleis sosiale medium påverkar unge, til dømes, kan du dele personlege opplevingar, reflektere over korleis andre bruker sosiale medium og vise tal frå undersøkingar.

Du kan bruke eigne bilete, spele inn forteljarstemme (voiceover) og hente lydar og videoklipp frå internett for å styrkje synspunkta og argumenta dine.

Om tekstsjangeren essay

Essayet er gjerne omtalt som ei vandring i eit tema, der den som skriv, beveger seg innanfor eit hovudemne, men vekslar mellom subjektive meiningar, refleksjonar, sitat og saksopplysingar. Målet er å kaste nytt lys på temaet, ikkje å kome fram til eit svar eller ein konklusjon.

Les meir i artikkelen "Kva er eit essay?"

Eit strekmenneske beveger seg vekselvis langs ein svart strek og ei kvit bølgjelinje. Til venstre står det "essay" og til høgre "mål". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Leik med verkemiddel og form

Den lette tilgangen til bilete og videoklipp på internett gjer at videoessayet har vorte ein populær uttrykksmåte. Eit godt videoessay utnyttar verkemiddel for tekst, lyd og bilete. Avsendar er gjerne personleg og oppteken av den stilistiske utforminga.

For å lykkast med videoessayet må du jobbe grundig med tekstskapinga. Idealet er eit leikent og kreativt språk med medviten bruk av verkemiddel og god flyt. Manuset treng ikkje å følgje ei fast oppbygging eller rekkjefølgje, men du bør ha ein gjennomgåande idé eller raud tråd.

I videoessayet kan du altså prøve deg fram, utan strenge krav til vitskapleg metode, logisk rekkjefølgje eller fullstendig argumentasjon. Det gir rom for kreativiteten!

Få sjåaren til å tenkje

Eit godt videoessay overraskar, blandar forteljing med refleksjon og fakta og set i gang tankeprosessar. Du kan setje spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar eller aktuelle saker. Målet er å få sjåarane til å tenkje, utan at du gir dei konklusjonen eller fasitsvaret.

Forskjell på norsk og engelsk videoessay

Allereie tidleg på 1900-talet skreiv den amerikanske forfattaren William Dean Howells at essayet hadde byrja å forveksle seg sjølv med fagartikkelen. Det ser vi døme på også i dag.

I engelskfaget blir du beden om å skrive saktekstar som "five-paragraph essays". Viss du søkjer etter "video essays" på internett, vil du få mange treff på filmanalysar og/eller saksorienterte, meir akademisk retta videoessay. Du må derfor ha tunga rett i munnen når du bruker essay-omgrepet.

Pass på at du bruker omgrepet i den norske tydinga, som handlar om å vandre med stil gjennom eit tema. Dette kan ikkje sidestillast med den strammare og meir informative og vitskaplege essayvarianten som du finn på engelsk.

Sjå og les!

Nedanfor kan du sjå døme på videoessay og lese eit par utvalde essay. Kva for nokre av døma inspirerer deg mest?

Sjå! Videoessay

Les! Essay av ungdom

Les! Essay av forfattarar

Kjelder

What's So Great About That? [brukarnamn]. (2021, 23. september). What Isn't a Video Essay? [Video]. YouTube. https://www.youtube.com/watch?v=ti_TeoIGwCU

Saxegaard, J. (2019). Essay i klasserommet. Norsklæreren, (3), 40–47. https://frittordkonkurransen.no/informasjon/ressurs/essay-i-klasserommet

Skei, H. H. (2019, 9. mai). Essay. I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/1571593

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2022

Læringsressursar

Rettleiing i produksjon for sosiale medium