Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag mem som fengjer

Mem har blitt ei populær uttrykksform i sosiale medium. Dei er visuelle, spreier humor og kan lagast på få minutt. Samspelet mellom skriftleg tekst og bilete skaper eit nytt, overraskande innhald. Vil du prøve?
Todelt mem. Til venstre er det bilete av ei dame med oppspilte auge og teksten "Lærar: Å lage mem blir gøy!". Til høgre er eit bilete av ei trollmaske med mange rukker, tørr og sigen hud, djupe, svarte auge og teksten "Etter timen …". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alt du treng for å lage mem, er din eigen fantasi, tilgang til internett og ein mobiltelefon eller ein datamaskin.

Del 1: Forarbeid i klassen

  1. Finn mem på internett og last opp døma på ei felles digital tavle (bruk til dømes Samtavla eller Padlet). Kanskje læraren kan opprette klassetavla?

    Innføring i Samtavla

  2. Ranger mema etter kriterium de lagar saman, til dømes: mest morosame mem, mest/minst støytande mem, mest/minst originale mem …
  3. Vurder korleis samspelet mellom bilete og verbaltekst skaper eit nytt meiningsinnhald.

Del 2: Gruppearbeid

Samarbeid i grupper på 4–5 elevar

  1. Vel eit felles bilete som alle skal lage ein verbaltekst til. De kan bruke eit av situasjonsbileta i presentasjonen under.

  1. Alle lagar kvart sitt forslag til verbaltekst og lagar eit mem.

  2. Sjå på dei ulike forslaga saman og diskuter korleis verbalteksten styrer tolkinga vår av biletet.

Del 3: Individuell oppgåve

Lag to–tre mem som tek opp eit aktuelt tema, og som du trur kan få viral spreiing blant jamaldra. Poenget er å bruke humor og skape interesse. Unngå sjikane og personangrep. Prøv ut korleis ulike verbaltekstar kan styre tolkinga vår av biletet. Når du er ferdig, lastar du opp dei ferdige mema dine på klassen si digitale tavle.

Slik lagar du eit mem

  • Bilete/illustrasjon/video: Eit mem består som oftast av eit bilete, ein illustrasjon eller eit kort videoklipp. Bruk noko du har produsert sjølv eller finn noko som er delbart og har rett lisens (til dømes CC-BY). Hugs å kreditere opphavspersonen!
  • Verbaltekst og ikon: Pass på at den skriftlege teksten din er lesbar og kommuniserer godt. Du kan variere ved hjelp av skrifttype, storleikar og fargar og leggje til ikon for å forsterke bodskapen din – til dømes piler, emojiar og liknande.
  • Programvare: Viss du har tilgang til Adobe, kan du bruke Spark Mememaker. Elles kan du søkje opp gratis "meme-generators" på nettet. Det er òg mogleg å laste ned appar til mobilen din, som hjelper deg å lage mem.
  • Deling og nedlasting: Last ned mema dine som PNG- eller JPG-filer. I denne oppgåva skal du laste opp mema til klassen si digitale tavle, slik at de kan sjå på kvarandre sine mem. Seinare kan du dele mema dine på sosiale medium viss du vil.

Del 4: Sluttrefleksjon i klassen

Sjå på mema de har produsert og diskuter verkemidla de har brukt. Forsøk òg å få til ein diskusjon om bruk av mem som kommunikasjonsform. Her er nokre spørsmål de kan diskutere:

  • Kvifor er mem populært?

  • Korleis er mem med på å endre måten vi kommuniserer på?
  • Korleis har de brukt samspel mellom verbaltekst og bilete i ulike mem? På kva måte påverkar dette tolkinga vår av teksten?
  • Korleis blir de påverka av mem?
  • Speler nokon av mema på fordommar? I så fall – kva for fordommar?
  • Kvar går grensa for kva vi kan tulle med?

  • Forstår de kvarandre sin humor?

  • Er det nokon av mema som provoserer?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Rettleiing i produksjon for sosiale medium